Il cimento dell'armonia e dell'inventione

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antonio Vivaldi (gravering av François Morellon de La Cave, frå Michel-Charles Le Cène si utgåve av Vivaldis Op. 8

Il cimento dell'armonia e dell'invenzione (Konkurransen mellom Harmoni og Nyskaping) er ei samling på tolv solokonsertar skrivne av Antonio Vivaldi mellom 1723 og 1725 og publisert i 1725 som Op. 8. All er for fiolin, strykarar og basso continuo.

Gøymd i denne større samlinga finn ein dei mest kjende av alle solokonsertane frå barokken, Dei fire årstidene (Le quattro stagioni) med «Våren», «Sommaren», «Hausten» og «Vinteren». Kvar av dei er innleia av ein sonett, truleg skriven av Vivaldi sjølv, som skildrar kva som skjer i dei fire konsertane. Om ein følgjer sonnetten medan ein høyrer til musikken, kan ein sjå kor detaljert skildringa til Vivaldi er, som at nokon mister fotfeste på isen og fell på baken, noko som skil seg frå andre titlar i barokken, der tittelen berre gjev eit hint om den generelle stemninga.

Fleire av dei andre konsertane i opus 8 er like detaljerte, noko som kan tyde på at Vivaldi eller ein annan kompilator meinte dei høyrte saman.[1]. Mellom anna er «La caccia» (Jakten) og «La tempesta di mare» (Havstormen) liknande Dei fire årstidene.

Konsertar[endre | endre wikiteksten]

  • Konsert nr. 1 i E-dur, «La primavera» (Våren), RV 269
  • Konsert nr. 2 i G-moll, «L'estate» (Sommaren), RV 315
  • Konsert nr. 3 i F-dur, «L'autunno» (Hausten), RV 293
  • Konsert nr. 4 i F-moll, «L'inverno» (Vinteren), RV 297
  • Konsert nr. 5 i Ess-dur, «La tempesta di mare» (Havstormen), RV 253
  • Konsert nr. 6 i C-dur, «Il piacere» (Nyting), RV 180
  • Konsert nr. 7 i D-moll, RV 242
  • Konsert nr. 8 i G-moll, RV 332
  • Konsert nr. 9 i D-moll, RV 236
  • Konsert nr. 10 i H-dur, «La caccia» (Jakten), RV 362
  • Konsert nr. 11 i D-dur, RV 210
  • Konsert nr. 12 i C-dur, RV 178

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]