Ilulissat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ilulissat

Ilulissat (grønlandsk for isfjell, dansk namn Jakobshavn) er ein by på vestkysten av Grønland. Med rundt 4000 innbyggjarar er han den tredje største busetjinga i landet. Like ved ligg Ilulissatfjorden, ein særmerka isfjord som er med på UNESCO si verdsarvliste.

Vintertemperaturen i området kan gå ned til rundt -30° celsius medan sommartemperaturen kan stiga til 25°C.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det har budd folk i Ilulissat-området i minst tre tusen år. Semermiut, ein gong den største bustaden på Grønland med 250 menneske, nå forlatt, ligg rundt to kilometer sør for dagens by. Denne blei grunnlagd i 1741 som Jakobshavn av misjonæren Paul Egede etter at pelshandlaren Jakob Severin hadde slått seg ned der.

Polforskaren Knud Rasmussen var fødd og voks opp her, og byen har nå eit museum tileigna han.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Frå Ilulissat har ein panoramautsikt over isfjorden, som har gjort byen til det viktigaste turistmålet på Grønland, og Diskobukta med Diskoøya, som ein kan vitja derfrå med båt eller helikopter. 6.000 sledehundar set òg sitt preg på byen, og det blir ofte arrangert sledeturar for vitjande.