Pels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pelsen på ein sau kan brukast til ull.

Pels eller fell er eit tett, ofte mjukt hårlag som dekkjer store delar av skinnet til mange pattedyr. Pels kan òg visa til pelsverk, materialet ein får om ein flår pelsdyr og lét håra sitja att, og ein del klede laga av dette. Pels blir mellom anna brukt til isolasjon, kamuflasje og signalisering.

Nærbilde av den mønstra pelsen til ein sjiraff.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Pattedyrpelsen består av ulike typar hår, ofte fordelt i to ulike hårlag, bygd opp av keratin. Keratin er det same stoffet som horn, hår, hóvar, klauvar, fjører og nebb er laga av. Ein finn også tette hår på ein del leddyr, som humler, nattsvermarar og nokre artar av edderkopper. Desse håra er danna laget av kitin, ikkje keratin.

Pelshår blir danna av hårlaukar nede i huda. Håra veks opp gjennom hudoverflaten, der dei viser seg som hårstrå. Etter kvart blir hårlauken tilbakedanna, og hårstrået blir liggjande i ein hårsekk. Deretter byrjer danninga av ein ny hårløk i botnen av hårsekken. Hårstrået er no heilt laust, og er i den såkalla kvilefasen, der det kan falla av (røyting) kva tid som helst. Hårvekst og hårtap er ein kontinuerleg prosess, men han blir påverka av mange faktorar som lys, varme, kulde, stress, kosthald, hormon, allergi og ulike sjukdommar.

Pelsfarge, mønster, lengd og kvalitet blir bestemd genetisk gjennom at eigenskapar er arvelege, og nokre eigenskapar er dominante i høve til andre. Mange dyr har kamuflasjefarge- eller mønster påverka av miljøet dei naturleg høyrer heime i. Dyr som lever i område som blir snødekte om vinteren har ofte éin sommarfarge og éin vinterfarga. Skiftet mellom sommar- og vinterpels finn stad basert på daglengde og er ein funksjon av døgnrytmen. Hjå husdyr kan ein finna mange pelsvariasjonar som er dyrka fram gjennom selektiv avl.

Piggpelsen til eit holepiggsvin.

Undepels og dekkpels[endre | endre wikiteksten]

Underull eller underpels er eit botnlag med grunnhår danna av korte, ulne hårstrå. Hårlaget i underpelsen består ofte av krøllete, tett behåring som er kortare enn vernehåra i den lengre dekkpelsen. Hovudoppgåva til underpelsen er å spara energi gjennom å varmeisolera dyret. Nyfødte og svært unge dyr manglar gjerne underull, og må isolerast på andre måtar.

Det øvre laget med vernehår er ofte kalla dekkhår eller dekkpels. Håra er lengre enn i hårlaget i underpelsen, og som oftast slettere, glattare og grovare. Dekkhåra veks ut gjennom underpelsen og legger seg som eit vernande, ofte vatn- og smussavstøytande lag over han. Dekkpelsen er normalt den mest synlege og er ofte sterkare pigmentert enn underpelsen. Nokre artar kan få så stive dekkhår at behåringa blir kalla piggar eller pinnar, til dømes piggsvin.

Hårdekket hjå dyr er ofte arrangert i grupper, danna av sentrale dekkhår omgjevne med av tynnare og koraere underull. Tettleiken til hårlaget kjem an på av art, underart, rase, varietet, den generelle kondisjonen til dyret og årstida.

Pampashare som slikkar seg.

Pelspleie[endre | endre wikiteksten]

Ville dyr kan stella pelsen sin sjølv eller, hjå sosiale dyr, på kvarandre. Som oftast skjer pelsstellet gjennom slikking av dei kroppsdelane som treng stell, eventuelt i kombinasjon av slikking direkte på pelsen og væting av ein labb som så blir brukt til å reinsa område der dyret ikkje kjem til med tunga. Nokre dyr kan også å bada i vatn eller sand for å halda seg reine.

Bad av hund.

Tamdyr kan få hjelp av menneske til å stella pelsen. Hjå husdyr med svært tjukk pels, som langhåra kattar og angorakaninar, er slik hjelp ofte nødvendig. Ettersom pelsdyr har eit vernande feittlag som dekkjer hårstråa og er med på å isolera mot kulde og regn som kan svekkast ved bruk av såpe. Det finst ulike såper tilpassa pelsdyr.

Pattedyr utan pels[endre | endre wikiteksten]

Ikkje alle pattedyr har pels. Nokre er nesten heilt hårlause, som delfinar, kvalar og nakenrotter, andre har tynnare eller striare hårdekke, som elefantar, menneske og svin. Det finst også døme på hårlause rasar av dyr som elles har pels, som nakenhundar, sphynx eller nakenkatt og hårlause marsvin. I desse høva kjem pelsmangelen truleg av ein mutasjon som gjev arveleg hårløyse.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dyrehår
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pelsverk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]