Indalsälven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Indalsälven
Jämtlandsälven, Litsälven, Storsjöälven
elv
none  Tännforsen i Indalsälven
Tännforsen i Indalsälven
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Län Jämtland, Västernorrland
Hovudkjelde Åreälven
Sekundærkjelde Järpströmmen
Munning Klingerfjärden, nær Sundsvall.
 - stad Bottenhavet, Västernorrlands län
 - høgd moh
Lengd 420 km
Nedslagsfelt 26 726,5 km²
Vassføring
 - middel 460 /s
Karta Indalsalven position.gif

Indalsälven (òg kalla Jämtlandsälven, Litsälven, Storsjöälven) er ei av dei mest vassrike elvane i Sverige. Ho er 430 km lang[1] og er omfattende utbygd for kraftproduksjon. Elva har utspring i fjellområda i Jämtland og munnar ut i Bottenhavet i Timrå kommun, ca. 20 km nordaust for Sundsvall i Medelpad. Det totale nedslagsfeltet er 26 727 km².[2] Dei viktigaste sideelvane til Indalsälven er Järpströmmen, Långan, Hårkan og Ammerån. Fossen Ristafallet ligg i Indalsälven.

Indalsälven i tåke ved Krångede.
Foto: Jonny Hansson

Frå kjeldeområda i Jämtlandsfjellane renn Indalsälven ned til Storsjön ved Östersund. Storsjön er det viktigaste reguleringsmagasinet for vatnet som dei mange kraftverka nedstraums trenger om vinteren, og elva er ei av dei største energiprodusentane i Sverige. Det nedste kraftverket, Bergeforsen, ligg knapt ei mil frå utløpet i havet. Nedanfor Bergeforsen byrjar elvedeltaet, som er det største kystdeltaet i Sverige. Sanddjupna ned til fast fjell er opptil 60 meter. Elva munnar ut i Klingerfjärden i Timrå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]