Indoiranske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Indoiranske språk
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Indoiransk
Vidare inndeling: Indoarisk
Iransk
Nuristani
Område: Sørvest-, Sentral- og Sør-Asia
Talarar: Ca. 1,2 milliardar

Indoiranske språk utgjer ei av hovudgreinene i den indoeuropeiske språkfamilien, den austlegaste av dei greinene som ikkje er utdøydde.

Utbreiinga av indoiranske språk (gulbrun farge) saman med andre indoeuropeiske språk.

Dei indoiranske språka blir delte i to hovudgrupper, indoariske språk og iranske språk, men i overgangsområdet mellom desse hovudgruppene finst det ein del språk som har vore vanskelege å klassifisere, nemleg dei nuristanske språka og dei dardiske språka, som av mange blir rekna som to ekstra greiner av indoiransk. Dei nuristanske språka har òg blitt rekna som ei undergruppe av dei dardiske språka, men desse sistnemnde – utan nuristanske språk – blir av mange rekna som ei undergruppe av dei indoariske språka. Den norske språkforskaren Georg Morgenstierne (1892–1978) er mellom dei som har arbeidt mest med dei nuristanske og dei dardiske språka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Indoiranske språk


Indoiranske språk
Indoarisk | Dardisk | Nuristansk | Iransk 
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.