Infant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Infant og infantinne (spansk og portugisisk infante og infanta, frå latin infans, «born», eigenleg «barn som enno ikkje kan snakke», av nektande in- og fari, tale) er ein spansk og portugisisk tittel for prinsar og prinsesser av dei respektive kongefamiliane, utanom den spanske kronprinsen, som frå 1388 førde tittelen prins av Asturia (tittelen «Prins av Asturia» nyttast omtrent som «Prins av Wales» i Storbritannia). På same viser førde tronfølgjaren til Portugal fram til tapet av Brasil (1825) tittelen prins av Brasil.

Infantado referer til besittelsene til ein infantes eller infantas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]