Ingeborg I. Brekke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingeborg I. Brekke

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. juni 1908
Død

17. september 1999 (91 år)

Ingeborg I. Brekke (19081999) var ei hotellvertinne, postkvinne, kokke og kvinnesakskvinne frå Brekke i Gulen kommune.

Som ung arbeidde Ingeborg Brekke m.a. som kokke på ymse hotell før ho vendte heim til Brekke for å bli telefonstyrar og postopnar kring 1940. Som postkvinne vart Ingeborg Brekke kjend med alle i bygda, og ho fekk stadig vitjingar av folk som hadde kome for seint til siste ferja frå Brekke til Lavik. Slik fekk ho idéen om eit hotell, og heile bygda stilte seg bak forslaget. Det var Ingeborg Brekke som stod for planlegginga, og under bygginga av hotellet var Brekke ei dame i sekstiårsalderen.

I 1970 stod Brekkestranda Fjordpensjonat ferdig - seinare kjent som Brekkestranda Fjordhotel. Det var teikna av arkitekt Bjørn Simonnæs, og vekte oppsikt på grunn av ein særprega, bondsk arkitektur med torvtak, naturstein og hunbord som kledning. Knapt nokon vinkel i bygget var rett!

Som hotellvertinne vart Ingeborg kjend for å ta seg godt av gjestene med songar og forteljingar. Elles var ho sterkt engasjert i samfunnet. Ho kjempa m.a. for likestilling i Den norske kyrkja både munnleg og skriftleg.

Sonen Bjørn Brekke kom med i drifta i 1976 og tok over som eigar i 1996. Ingeborg Brekke døydde i 1999, men hotellet ho starta er enno i drift i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]