Lavik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lavik
Reisgek Lavikshore.jpg
Geografi
Kommune Høyanger
Fylke Sogn og Fjordane
Annan informasjon
Ferdselsårer E39 607
Postnummer 6947 LAVIK
Innbyggjarnamn laviking [1]
Preposisjon i Lavik
Kart
Lavik is located in Sogn og Fjordane
61°6′19″N 5°30′26″EKoordinatar: 61°6′19″N 5°30′26″E

Lavik er ei bygd, eit kyrkjesokn, og ein ferjestad i ytre Sogn. Lavik har tidlegare òg vore ein sjølvstendig kommune, og fram til 2004 var Lavik namn på eit prestegjeld. Bygda og ferjestaden Lavik ligg på nordsida av Sognefjorden, vest i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane. Staden har kyrkje, daglegvarebutikk med post i butikk, bensinstasjon og fjordhotell. Lavik skule er barne- og ungdomsskule for området.

Lavik kyrkje
Lavik har truleg vore kyrkjestad sidan 1100-talet. Dagens kyrkje er frå 1865.
Lavik kyrkje ligg nede ved fjorden på vestsida av Lavika

Prestegjeld, sokn og grunnkrins[endre | endre wikiteksten]

Lavik var til 2004 eit prestegjeld. Prestetenesta i Høyanger vert no leia av prosten i Sunnfjord prosti og prestgjelda er nedlagde. Prestegjeldet Lavik tilsvarde Høyanger kommune og var delt inn i fire sokn, eitt av dei var Lavik sokn som omfattar området på nordsida av Sognefjorden, vest i prestegjeldet, og området frå Indre Oppedal til Åkre på sørsida av fjorden. Dei andre sokna er Kyrkjebø sokn, som femner den midtre delen av av prestegjeldet på nordsida av fjorden, Høyanger sokn som dekkjer austre delen, og Bjordal og Ortnevik sokn på sørsida av Sognefjorden.

I Lavik ligg Lavik kyrkje og staden var til 2013 sete for prosten i Ytre Sogn prosti. Lavik er òg namnet på eit delområde og ein grunnkrins i Høyanger kommune. I 2001 budde det 285 personar i Lavik grunnkrins [2].

Ferjestaden[endre | endre wikiteksten]

Frå 1955 har det gått bilferje over Sognefjorden frå Lavik. Ferjestaden på sørsida av fjorden var i starten Instefjord. Frå 1965 og dei neste 26 åra gjekk ferja mellom Brekke og Lavik. Oppedal kom inn som stopp i ferjeruta i 1964. Frå 1991 har det óg vore endestoppet på sørsida av Sognefjorden etter at vegen mellom Oppedal og Instefjord stod ferdig året før. Ferjestrekninga er den nest mest trafikkerte i Sogn og Fjordane og er del av Europaveg 39, som er stamvegen mellom Bergen og Ålesund.

Lavik kommune[endre | endre wikiteksten]

Lavik har vore eigen kommune i to vender. I 1838 vart Lavik formannskapsdistrikt oppretta, og femde same området som dei to tidlegare skipreida Lavik og Klevald (Kyrkjebø). Denne utstrekkinga tilsvarer dagens Høyanger kommune, med unntak av garden Nybø og bruket Nygjerdet på sørsida av fjorden som då høyrde til Vik, og sokn som vart overførd frå Lavik til nye Hyllestad kommune i 1862.[3] I 1858 vart Kyrkjebø (då kalla Klævold) skild ut frå Lavik som eigen kommune. Etter delinga budde det 2042 personar i Lavik kommune som då strekte seg frå Norevikane til Bekksneset på nordsida av Sognefjorden, og frå Sørevikane til og med ytre Tredal på sørsida. I 1861 vart Lavik slegen saman med Brekke til Lavik og Brekke kommune. 1. januar 1875 vart ein del av Kyrkjebø kommune med 90 innbyggjarar overførd til Lavik og Brekke kommune. 1. januar 1905 vart Lavik og Brekke kommune deld i to. Lavik kommune hadde etter delinga 1182 innbyggjarar. 1. januar 1964 vart Lavik, som då hadde 894 innbyggjarar, slegen saman med Kyrkjebø og delar av Vik kommune til den nye Høyanger kommune.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Lavik kommune frå 1905 til 1964:

1.1.1905 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1964
1182 1045 1023 990 975 946 894

Arkiv frå Lavik kommune henta frå Arkivportalen.no[endre | endre wikiteksten]

Kommunale arkiv

Privatarkiv

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jørn Sandnes og Ola Stemhaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7
  2. SSB: Folke- og bustadteljing 2001 Høyanger s. 51
  3. «Kommunehistoria i Høyanger» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Lavik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå