Ionela Târlea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ionela Târlea
Statsborgarskap Romania
Fødd 9. februar 1976 (48 år)
Horezu
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 2000

Ionela Târlea (fødd 9. februar 1976) er ein rumensk tidlegare friidrettsutøvar frå Râmnicu Vâlcea som deltok i sprint- og hekkeløp. Ho vart europameister i spesialøvinga 400 m hekk i 1998 og forsvarte EM-tittelen i 2002. I 2004 vann ho OL-sølv i yndlingsøvinga.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Târlea vart juniorverdsmeister på 400 meter hekk i 1994. Både i VM i friidrett 1995 i Göteborg og under dei olympiske leikane 1996 i Atlanta slo ho seg gjennom til finale, der ho begge gongane kom i mål til sjuandeplass på 400 meter hekk.

Under friidretts-EM 1998 i Budapest vann Târlea gullmedaljen på 400 meter hekk, våren etterpå sigra ho på 200 meter i innandørs-VM. Gjennom 1999-sesongen sette ho alle sin personleg rekordar. Det tok til med 22,35 på 200 m i Doha den 13. mai, heldt fram 7. juli med 53,25 på langhekken i Roma, før ho ei knapp veke seinare avslutta med 49,88 på 400 meter i Palma de Mallorca. Ein skade hindra henne i delta i friidretts-VM i Sevilla. Ho vart så nummer seks på langhekken under Sommar-OL 2000 i Sydney, ei plassering ho kopierte då VM i friidrett 2001 fann stad i Edmonton i Canada.

I EM 2002 i München vann Târlea gullmedaljen på 400 m hekk, nett slik ho ved den forrige europameisterkapen fire år tidlegare. Året etter spurta ho inn til fjerdeplass på spesialdistansen i VM 2003 i Paris. Under sommarleikane i Aten i 2004 kapra ho sølvmedaljen, einast vertslandets Faní Khalkiá sprang fortare.

Under friidretts- VM 2007 i Osaka deltok ho i tre øvingar; 200 meter, 400 meter og 400 meter hekk, utan å nå ein finale. I sitt fjerde OL, Beijing 2008, rauk ho ut i kvartfinalane på 200 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]