Irina Korzjanenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Irina Korzjanenko
Statsborgarskap Russland
Fødd 16. mai 1974 (49 år)
Azov
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996

Irina Nikolajevna Korzjanenko (russisk: Ирина Николаевна Коржаненко) (fødd 16. mai 1974) er ein russisk tidlegare kulestøytar frå Azov. Ho vart europameister i øvinga i 2002.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Korzjanenko vart russisk meister i kulestøyt i 1995. Ho fekk sitt internasjonale gjennombrot i 1997 med ein bronsemedalje ved innandørs-VM, året etter vann ho kuletevlinga då innandørs-EM vart avvikla i Valencia. Under friidretts-EM 1998 i Budapest vann ho sølvmedaljen, men var nær to meter bakom vinnaren Vita Pavlysj. Våren 1999 vart begge desse utøvarane tekne i doping, og utestengde frå å tevle i to år.

Med eit lengstestøyt på 20,64 m vann Korzjanenko gullmedaljen under EM 2002 i München, med over ein halvmeters margin til toaren, Vita Pavlysj. Eit halvår etterpå tok ho nok eit gull, då ved innandørs-VM 2003 i Birmingham.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Korzjanenko testa positivt på doping ved innandørs-VM 1999, der ho opphavleg vart nummer to. Dermed vart ho utestengd til våren 2001. Under Sommar-OL i 2004 tok Korzjanenko gullmedaljen i kulestøyt, men testa positivt på stanozolol og vart diskvalifisert. Ho nekta å returnere medaljen då ho hevda at ho ikkje hadde brukt stanozolol. Samstundes kritiserte ho det russiske fiidrettsforbundet for ikkje å ha gjort noko for å hjelpe henne. I september 2005 stengde Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF)) henne ute frå friidretten for all framtid.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]