Azov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Azov
Азов
Byvåpenet til Azov
Byvåpenet til Azov


Plassering
Azov is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Rostov oblast
Først nemnt i
Bystatus
1067
1708
Geografi
Flatevidd
 - By

66 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

83 139
  1 259,7 /km²
Koordinatar 47°06′00″N 39°25′00″EKoordinatar: 47°06′00″N 39°25′00″E
Høgd over havet 40 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 34678x, 346799
Retningsnummer (tlf) (+7)86342
Nettstad: www.azov.info


Azov (russisk Азо́в) er ein by i Rostov oblast i Russland med om lag 85 000 innbyggjarar (2008). Han ligg ved elva Don, rundt 25 km sørvest for Rostov-na-Donu og 10  km frå Azovhavet.

Tidlege busetnader i området[endre | endre wikiteksten]

Rester av Azov-festninga

Munningen av elva Don har alltid vore eit viktig handelssenter. På byrjinga av 200-talet f.kr. grunnla grekarane frå Kongedømet Bosporus ein koloni her dei kalla Tanais (etter det greske namnet på elva). Fleire hundreår seinare vart busetnaden brent ned av kong Poleumon av Bosporus. Greske kolonistar vann velstanden til byen tilbake, men gotarane praktisk talt utsletta han på 300-talet. Staden der der det gamle Tanais låg[1] og der landsbyen Nedvigovka no ligg, har vore utgrave sidan 1800-talet.

På 900-talet kom området under kontroll under det slaviske fyrstedømet Tmutarakan. Kiptsjakane, som tok området i 1067, kalla det Azaq (tyder 'lågland'), som dagens namn kjem frå. Den gyldne horden la krav på mesteparten av kysten på 1200- og 1300-talet, men handelsmenn frå Venezia og Genova fekk løyve til å busette seg på området der dagens Azov ligg og grunnla ein koloni der som dei kalla Tana. Seinare tok Det osmanske riket kontroll over området og bygde den sterke festninga Azak (Azov).

Festninga Azov[endre | endre wikiteksten]

Ein hollandsk gravering frå 1600-talet av slaget ved Azov (1696)

Sommaren 1637 tok donkosakkane festninga med den tyrkiske garnison på 4000 soldatar og 200 kanoner og heldt ho i fem år. I juni 1641 motstod dei ei lang omleiring av ein osmansk arme. I 1642, då tyrkarane trekte seg tilbake, kalla tsaren inn til ei folkeforsamling, eller Zemskij Sobor, som vedtok å overgjev festninga for å unngå full krig med Tyrkia. Før de forlet borga øydela kosakkane alle festningsverka.

Byen skulle derimot gå gjennom mange fleire omskifte. Under det såkalla Azov-felttoget (1696) klarte Peter den store å vinne attende festninga,[2] men det katastrofale Prut-felttoget tvinga han til å gje ho tilbake til tyrkarane i 1711. Under den russisk-tyrkiske krigen 1768-1774 vart festninga teke av armeen under hertug Rumjantsev og vart endeleg overdratt til Russland med Küçük Kaynarca-traktaten (1774). I sju år var Azov hovudstad for ein eigen region, men etter kvart som den nærliggande Rostov-na-Donu voks fram, vart Azov gradvis mindre viktig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kart over Tanais
  2. Lord Kinross, The Ottoman Centuries: The Rise and Fall of the Turkish Empire, Perennial, 1979, s. 353. ISBN 0688030939.