Isaac Asimov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isaac Asimov
Isaac.Asimov02.jpg
Nasjonalitet Amerikansk
Fødd 2. januar, 1920, Petrovitsji, Sovjetunionen
Yrke Forfattar, essayist, lærebokforfattar, biokjemikar, historikar, humorist,
Rørsle Kjent som ein av dei tre store, i science fiction sin gyldne periode.
Sjanger Science fiction, populærvitenskap
Debut Marooned Off Vesta


Isaac Asimov (2. januar 19206. april 1992) var ein russisk-amerikansk sciencefictionforfattar. Asimov skreiv og under pseudonyma H.B. Ogden og Paul French. Filmen I, Robot er laust inspirert av Asimovs novellesamling ved same namn. Asimov er kanskje likevel mest kjend for bokserien om Foundation (Stiftelsen).

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Asimov var fødd omkring den 2 januar i 1920 i Petrovichi nær Smolensk i Russland. Familien emigrerte til USA då Asimov var tre år gamal, og han voks opp i Brooklyn, New York.

Han tok eksamen ved Columbia University i 1939 og doktorgraden i kjemi i 1948. Han var tilsett ved Boston University, han vart der sidan. Etter 1958 underviste han ikkje lenger, og nytta tida si til å skrive.

Han tok til å skrive science fiction omkring 1940. I 1941 kom novella "Nightfall", av mange rekna som ei av dei beste i science fictionlitteraturen. Novella handlar om ein planet i eit komplisert stjernesystem der det er natt berre ein gong kvart 2000ande år.

Frå 1958 skreiv han mest populærvitskap. Dei neste tiåra skreiv han fleire hundre bøker. Han gjekk tilbake til skjønlitteraturen på 80-talet og skreiv bøker som bant saman Foundationtrilogien og Robotserien. Isaac Asimov døydde den 6. april 1992 av AIDS. Han hadde fått sjukdomen gjennom ei infisert blodoverføring under ein by-passoperasjon i 1983.

Politikk og religion[endre | endre wikiteksten]

Asimov var humanist, rasjonalist og motstandar av trua på overnaturlege fenomen, men ikkje motstandar av all religion i seg sjølv. Politisk var han demokrat og stod i dei fleste saker til venstre, sjølv om han mislikte det han meinte var eit innslag av irrasjonalitet på venstresida frå 60-talet og framover. Han var tilhengar av kjernekraft og folketalskontroll.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

I 1972 fekk han Nebulaprisen for romanen "The Gods Themselves" og i 1976 for langnovella "The Bicentennial Man". I 1986 vart han utnemnt til stormeister av SFWA (Science Fiction an Fantasy Writers of America)

Robotikkens tre lover[endre | endre wikiteksten]

Isaac Asimov

Som barn var Asimov særs fascinert av science-fiction-historier om robotar, men han klarte ikkje å akseptere samtidas framstillingar av metallmennene som destruktive monster som til slutt tek livet av skaparane sine. For Asimov var det langt meir interessant å framstille sympatiske, meir menneskelege robotar[1].

23. desember 1940 diskuterte Asimov sin idé for ei historie om ein tankelesande robot med utgjevaren sin John Campbell. Diskusjonen spora inn på reglane som styrer åtferda og oppførsla til robotane. Det stod klårt for Asimov at robotane hadde innebygde tryggingsrutinar, og saman med Campbell formulerte han det som har blitt kalla robotikkens tre lovar (The Three Laws of Robotics):

  1. Ein robot kan ikkje å skade eit menneske eller passivt la eit menneske kome til skade.
  2. Ein robot må følgje ordre gjeve av menneske bortsett frå når slike ordre kjem i konflikt med første lov.
  3. Ein robot må verne om sin eigen eksistens såframt slikt vern ikkje kjem i konflikt med første og andre lov.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Asimov hadde som mål å skrive 500 bøker, og sjølv om han ikkje nådde dette målet, publiserte han over 463 skrifter. Lista nedanfor tek berre for seg science fiction-tekstane hans, men merk at Asimov òg skreiv i andre sjangrar og format, deriblant ein del sakprosa. Tatt i betraktning at han var ein respektert vitskapsmann, er det ikkje så rart at han var ein god popularisator, som kunne forklåre både kosmologi og kvanteteori på ein måte som gjorde lesaren litt klokare.

«Greater Foundation»-serien[endre | endre wikiteksten]

The Robot serien var eigentleg separat frå Foundation-serien, og Galactic Empire-bøkene blei opphavleg publisert som frittståande historier. Seinare sydde Asimov desse inn i én samanhengande historikk i utvidinga av Foundation-serien.

Robotserien:

Galactic Empire-serien:

  • Pebble in the Sky (1950)
  • The Stars, Like Dust (1951)
  • The Currents of Space (1952)

Den opphavlege Foundation-trilogien:

Den utvida Foundation-serien:

Frittståande bøker[endre | endre wikiteksten]

Desse bøkene er først og fremst lausrevne, men nokre av dei har likevel visse koplingar til Foundation-serien.

  • The End of Eternity (1955)
  • Fantastic Voyage (1966) (ein bokadapsjon av filmen der amerikanske forskarar reiser i menneskekroppen)
  • The Gods Themselves (1972)
  • Fantastic Voyage II: Destination Brain (1987) (ikkje ein oppfølgar til Fantastic Voyage, men ei liknande, frittståande historie)
  • Nemesis]] (1989)
  • Nightfall (1990) (med Robert Silverberg, basert på ei tidlegare novelle)
  • The Ugly Little Boy (1992) (med Robert Silverberg, basert på ei tidlegare novelle, publisert i Storbritannia under tittelen Child of Time)

Novellesamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • I, Robot]] (1950), ISBN 0-553-29438-5
  • The Martian Way and Other Stories (1955)
  • Earth Is Room Enough (1957)
  • Nine Tomorrows (1959)
  • The Rest of the Robots (1964)
  • Asimov's Mysteries (1968)
  • Nightfall and Other Stories (1969)
  • The Early Asimov (1972)
  • The Best of Isaac Asimov (1973)
  • Buy Jupiter and Other Stories (1975)
  • The Bicentennial Man and Other Stories (1976)
  • The Complete Robot (1982)
  • The Winds of Change and Other Stories (1983)
  • The Alternate Asimovs (1986)
  • The Best Science Fiction of Isaac Asimov (1986)
  • Robot Dreams (1986)
  • Azazel (1988)
  • Gold (1990)
  • Robot Visions (1990) ISBN 0-451-45064-7
  • Magic (1995)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Frå forordet til Asimovs The Caves of Steel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen er basert på artikkelane om Isaac Asimov i wikipedia på bokmål og wikipedia på svensk per 18.06.2007