Isabella av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prinsesse Isabella, 2010

Prinsesse Isabella av Danmark (Isabella Henrietta Ingrid Margrethe) (fødd 21. april 2007) er dotter av kronprins Frederik av Danmark og kronprinsesse Mary av Danmark. Prinsessa vart fødd den 21. april 2007 på Rigshospitalet i København.

Hennar namn vart først ålment kjend i høve dåpen i Fredensborg slottskirke den 1. juli 2007. Ho er oppkalla etter si mormor Henrietta Clark Donaldson, farmor si mor dronning Ingrid av Danmark og farmora Margrethe II av Danmark.

Prinsessa er nummer tre i arvefylgja til den danske trona, etter far sin og den eldre broren Christian.