Margrethe II av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margrethe II

Regjeringstid14. januar 197214. januar 2024
Fullt namnMargrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid
Fødd16. april 1940
FødestadAmalienborg
Gift medHenrik av Danmark
DynastiFyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg, House of Monpezat
MottoGuds hjælp, folkets kærlighed, Danmarks styrke
FarFredrik IX av Danmark
MorIngrid av Danmark
BornFrederik X av Danmark, Joachim av Danmark

Margrethe II (fødd 16. april 1940) er dotter av Frederik IX og dronning av Danmark frå 14. januar 1972 til 14. januar 2024. Ho valde sjølv å abdisera,[1][2] Frederik X er etterfylgjaren hennar.

Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid blei fødd i 1940, like etter at tyske styrkar hadde invadert Danmark. Åra gjekk, utan at foreldra, kronprins Frederik og kronprinsesse Ingrid, fekk ein son som kunne vera tronarving. Den yngre broren til kongen, Knud, var arveprins, og etter han den eldste sonen hans, Ingolf.

I ein del år hadde Folketinget vurdert å endra den danske grunnlova, men hadde late det bli med tanken, ettersom ei endring kravde at 45 % av folket med stemmerett skulle stemma for henne. Statsminister Erik Eriksen fekk idéen om å ta kvinneleg arvefølgje med i endringa, slik at fleire ville røysta for. Sjølv om stort sett heile Folketinget var for endringa, og trass i den store populariteten til kongehuset, blei endringa berre såvidt vedteken, med 46 % deltaking. Tronfølgjelova av 1953 førte til at prinsesse Margrethe blei den første i arvefølgja.

Margrethe II høyrer til fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg.

Mellom ordenane hennar høyrer også Storkrossen med kjede av St. Olavs Orden med.

Titlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1940–1944: Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid av Danmark og Island
  • 1944–1972: Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid av Danmark
  • 1972– : Dronning Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid II av Danmark

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Silja Björklund Einarsdóttir; Kristian Elster; Olav Døvik & Espen Alnes. «Dronning Margrethe av Danmark abdiserer» (på norsk bokmål). NRK. Henta 14. januar 2024. 
  2. Paaske, Emma Rønberg; Jespersen, Knud J.V.: Margrethe 2. - dronning af Danmark i Den Store Danske på lex.dk. Henta 14. januar 2024.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Margrethe II av Danmark
Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Danmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.