Isoplet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein isoplet er ei linje på eit meteorologisk plott som bind saman punkt som har same verdi av ein variabel på eit visst tidspunkt. Desse variablne kan vere trykk, temperatur, vindfart osv. Isoplettar gjer det lettare å visualisere meteorologiske felt. Dei vanlegaste isoplettane er:

Isobar: linje med likt eller konstant trykk.

Isobront: ein linje mellom to geografiske punkt som har same torevêrsaktivitet på same tid.

Isochalaz: ei linje mellom punkt som har same haglintensitet på same tid.

Isodrosoterm: ei linje med konstant doggpunkttemperatur

Isogon: ei linje med konstant retning av ein vektorstorleik (vanlegvis brukt for å skildre vindretningsfelt)

Isohøgd eller isohypse: ei linje med konstant geopotensiell høgd. Ofte blir dei berre kalla «høgdekotar»

Isostere ei linje med konstant lufttettleik.

Isohum: ei linje med konstant fukt.

Isohyet: ei linje med same nedbørsmengd i løpet av ein tidsperiode.

Isotach: linje med konstant vindfart.

Isoterm: ei linje med konstant temperatur.

Isogeoterm: ei linje med lik årleg middeltemperatur.

Isohel: ei linje med lik eller konstant solinnstråling.

Isonef: ei linje med likt skydekke.

Isopektik: ei linje som syner lik dato for isdanning kvar vinter. Isotak er same datoar for tining.

Isohalin: ei linje som syner salinitet eller saltinnhald i havet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]