Hagl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hagl på bakken.

Hagl er nedbør av ispartiklar. Dei er laga av underkjølte vassdropar som frys rundt ei kondensasjonskjerne, som eit støvfnugg eller ein anna haglpartikkel. Haglkorn kan ha ein storleik frå nokre millimeter til nokre desimeter i særskilde tilfelle. Hagl oppstår i kraftige cumulonimbusskyer, ofte i samband med torevêr langs ein kaldfront.

Haglkorna kan fortsetja å veksa til dei blir for tunge, eller til dei fell ut av luftstraumen som held dei oppe. Jo lenger dei sprett rundt i den kalde lufta, jo større veks dei. Superstore haglkorn blir ofte danna i varme delar av verda, fordi luftstraumane oppover er sterkare der.

Danning[endre | endre wikiteksten]

Store haglkorn.

Hagl oppstår når underkjølt vatn (flytande vatn med temperatur under frysepunktet) kjem i kontakt med kondensasjonskjerner som støv, insekt eller iskrystallar, og momentant frys til is. I skyer med store mengder underkjølte vassdropar, vil desse iskjernene vekse raskare enn vassdropar fordi vassdampen sitt mettingstrykk over is er litt mindre enn over vatn. Når haglkorna veks seg store nok vil den latente varmen, som blir frigjeve når vatnet frys, smelte dei ytre laga av haglkorna. Dette aukar vekstprosessen fordi haglkornet no kan fryse saman med mindre haglkorn i tillegg til underkjølte vassdropar.

Det er dei stigande luftrørslene i skya som held haglkorna oppe. Haglkorna blir løfta oppover i skya av luftstraumen til dei når toppen av skya der dei vertikale luftstraumane er svakare. Haglkorna fell då nedover og blir fanga av luftstraumen igjen. Denne prosessen gjentek seg til haglkornet blir for stort til at dei stigande luftrørslene kan halde det i lufta, og haglet fell ut av skya. Om ein kuttar eit hagl i to, kan ein sjå fleire konsentriske ringar, som i ein lauk. Ut i frå desse ringane kan ein sjå kor mange gonger haglet har blitt løfta til toppen av skya før den fall til bakken. Derfor vil kraftigare luftstraumar (kraftigare torevêr) føre til større hagl. På det meste har ein registrert hagl med 25 lag. I visse tilfelle kan haglkorna òg bli slengd ut i toppen av skya, og ein har registrert fly som har vore råka av hagl fleire kilometer unna sjølve toreskya.

Ideelle forhold[endre | endre wikiteksten]

Hagl oppstår gjerne i kraftige toreskyer, særleg skyer med kraftig vertikal luftstraum, mykje flytande vatn, stor vertikal utstrekking og med store vassdropar der ein god del av skya er under frysepunktet. Vekstraten er størst i temperaturar på rundt -13 °C og blir svært liten under -30 °C sidan det då vil vere svært få underkjølte vassdropar. Derfor oppstår hagl oftast på midlare breidder tidleg på sommaren når overflata er varm nok til å danne kraftig torevêr, men den øvre troposfæren framleis er kald nok til å innhalde is. I tropiske strøk er hagl mindre vanleg, sjølv om det er svært vanleg med torevêr her. Dette kjem av at temperaturen her er mykje varmare i høgda. Over kontinenta kan dei kraftige luftstraumane rive med seg tørr luft inn i skya, og auke fordampingsevna. Dette fører til ei avkjøling i skya som gjer at hagl kan få betre vilkår å vekse i.

Hagl er òg meir vanleg langs fjellkjeder fordi fjella tvingar horisontal vind oppover (kjend som orografisk heving) og kan forsterke dei vertikale luftstraumane i toreskyer. Eit av områda som er kjend for å ha stor hagl er det nordlege India og Bangladesh, der fleire menneske har omkomme som følgje av hagl enn nokre andre stader i verda. I tillegg er nokre av dei største haglkorna registrert i dette området. Kina er òg kjend for kraftige haglbyger.

Konsekvensar[endre | endre wikiteksten]

Haglbyge

Hagl er kanskje den mest øydeleggande forma for nedbør. Hagl kan av og til bli så store som 15 cm og vege meir enn eit halvt kg. Hagl kan derfor føre til alvorlege skadar, særleg på bilar og tak som er laga av glas i tillegg til store jordbruksavlingar.

I sjeldne tilfelle har hagl ført til hjerneristing eller andre hovudskadar, og i verste fall dødsfall.

  • I Nord-India i 1888 skal hagl på storleik med tennisballar ha tatt livet av 250 menneske og mange husdyr.
  • I 1986 vart Kina råka av eit uvêr med haglkorn på rundt 1 kg kvar som drap 92 menneske, medan 25 menneske mista livet og fleire hundre blei skada under ei kraftig haglbyge i 2002.
  • I april 1999 vart Sydney i Australia råka av ei kraftig haglbyge som førte til skadar for fleire milliardar kronar. 20000 bygningar, 40000 bilar og 25 fly blei skada, medan eitt menneske mista livet.
  • I juli 2006 vart USA ramma av den fjerde kraftigaste haglbyga i USA på 50 år med hagl på storleik opp mot 6 cm. Dette klippet frå Exeter i New Hampshire vart filma under uvêret.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hagl