Iwan Thomas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iwan Thomas


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 5. januar 1974 (50 år)
Farnborough
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Samveldeleikane 2002

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Iwan Gwyn Thomas (fødd 5. januar 1974) er ein britisk tidlegare sprintar som i 1998 vart europameister på 400 meter. I 1997 sette han britisk rekord på distansen med tida 44,36 sekund, ein rekord som gjeld også i 2023.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Thomas deltok i 1996 i dei olympiske leikane i Atlanta. Han vart nummer fem på 400 meter med tida 44,70, medan det vart sølv i 4 x 400 meter stafett i lag med Jamie Baulch, Mark Richardson og Roger Black. 13. juli 1997 i Birmingham sprang Thomas i mål på 44,36 og sletta dermed Roger Black sin britiske rekord med eit hundredels sekund. I VM i friidrett 1997 i Aten vart Thomas sjettemann på 44,52. Deretter la han og dei tre same utøvarane frå Atlanta-OL beslag på ein ny sølvplass i den lange stafetten. Elleve år etterpå vart resultatet til USA sitt vinnarlag annullert av IAAF, grunna i at USA-amerikanaren Antonio Pettigrew var dopa.

I Budapest-EM 1998 vann Thomas ein suveren siger på 400 meter på 44,52 sekund. To dagar seinare tok han seg av den tredje etappen då Storbritannia sigra i 4 x 400 meter stafett. Under samveldeleikane ein månad seinare i Kuala Lumpur vann Thomas på 44,52, landsmannen Mark Richardson fekk 44,60.

Thomas gjekk skadd i 1999. Han kom tilbake i 2000, men ikkje på sitt tidlegare nivå. Han var del av dei britiske stafettlaga som kom i mål til sjetteplassar i både Sommar-OL i Sydney og Friidretts-VM i Edmonton. Under verdsmeisterskapen i Canada vart han elles slått ut i semifinalen på 400 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]