Jøsenfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jøsenfjorden er ein sidefjord av Boknafjorden i Hjelmeland kommune i Rogaland. Det er òg namnet på ei bygd som ligg på nordsida av fjorden. Fjorden har innløp frå Hjelmelandsfjorden i vest mellom Nesvik på Jøsneset i nord og Mula rett nord for Hjelmelandsvågen i sør. Fjorden strekkjer seg 24 km austover til grenda Førre. Begge sider av fjorden er bratte og stig rett opp til høgder på over 700 meter over havet.

Nesten halvvegs inne i fjorden stikk Tøtlandsvika seg inn sørover til bygda med same namn. Her munnar elva Vormo ut i fjorden. Lenger inn i fjorden renn elva Ulladalsåna ut i fjorden. Han ligg ved bygdene Jøsenfjorden (på nordsida) og Hauga (på sørsida). Frå her og inn til botn av fjorden smalnar fjorden inn og den inste delen av fjorden vert kalla Førrebotn etter grenda Førre som ligg her. Her munnar òg Føreåa ut i fjorden.

Riksveg 13 går på nordsida av fjorden frå bygda Jøsenfjorden og ut.