Jaan Poska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jaan Poska skriv under på Tartu-traktaten.

Jaan Poska (fødd 24. januar 1866 i Jõgeva vald, død 7. mars 1920 i Tallinn) var ein estisk jurist og politikar. Han var ordførar i Tallinn og blei i 1918 første utanriksministeren i landet.

I 1890 tok Poska juridisk eksamen ved Universitetet i Tartu og arbeidde deretter som advokat i Tallinn. Han var i åra 1913 til 1917 ordførar i Tallinn. I april 1917 vart Poska guvernør i Det autonome guvernatet Estland. Etter at Maapäev, den estiske provinsforsamlinga, erklærde seg som den øvste styresmakta i landet i november 1917, følgde den estiske sjølvstendeerklæringa 23. februar 1918. Poska vart den 24. februar utnemnd til utanriksminister i den fyrste regjeringa i Estlands og verka i denne stillinga for internasjonal anerkjenning av Estland, mellom anna ved å delta under fredsforhandlingane i Paris i 1919.

Poska gjekk av som utanriksminister i 1919, men heldt fram med å spele ei sentral rolle i estisk utanrikspolitikk. Han leidde den estiske delegasjonen under forhandlingane med Sovjet-Russland og underteikna 2. februar 1920, på vegne av Estland, den såkalla Tartu-traktaten, som innebar russisk anerkjenning av sjølvstendet til Estland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]