Jabal an-Nabi Shu'aib

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jabal an-Nabi Shu'aib
fjell
Land  Jemen
Guvernement Sana guvernement
Høgd 3 666 moh. [1]
Primærfaktor 3 326 m ↓  [1]
62. plass
Koordinatar 15°16′45″N 43°58′33″E / 15.27917°N 43.97583°E / 15.27917; 43.97583
Kart
Jabal an-Nabi Shu'aib
15°16′45″N 43°58′33″E / 15.279166666667°N 43.975833333333°E / 15.279166666667; 43.975833333333
Wikimedia Commons: Jabal An-Nabi Shu'ayb

Jabal an-Nabi Shu'aib (arabisk جبل النبي شعيب, 'fjellet til profeten Shu'aib') er eit fjell i Sana guvernement i Jemen. Det er det høgaste fjellet i landet og på Den arabiske halvøya. Det er eit av dei mest prominente fjella i verda og det tredje mest prominente i Midtausten (inkludert Tyrkia og Iran).

Høgda vert ofte sagt å vere 3 760 moh, men dette vert ikkje støtta av SRTM-data eller nyare kartografiske kjelder.[2] Høgda på fjellet er 3 666 moh. og det ligg nær den jemenittiske hovudstaden Sana. Det nest høgaste fjellet i Jemen, Jabal Tiyal, ligg nesten like langt frå hovudstaden.

Jabal an-Nabi Shu'aib kan sjå ut som ein liten haug sett frå stader som Sana'a-Al Hudayda-vegen, men frå vestsida er det eit massivt fjell som stig 1500-1600 meter rett opp. Denne sida stoppar skyar fylte med nedbør og gjer at denne sida er relativt frodig. På toppen av fjellet er ein militærpost med radar og heilagdomen til profeten Shu'ayb. Det er relativt vanskeleg å få løyve til å nå toppen.

Sjølv om toppen ikkje er dekt av snø, har det vore rapportar om snøfall her og om vinteren er det vanleg med frost. Vinden kan bli særs kraftig på toppen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Den arabiske halvøya and Middle East» Peaklist.org. Henta 2011-11-20.
  2. Map at pbase.com Henta 2011-11-20

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]