Jacques Henri de Durfort de Duras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacques Henri de Durfort de Duras

Fødd9. oktober 1625
Duras
Død12. oktober 1704
Paris
Hus eller slektQ3065758
LandFrankrike
MorElisabeth de La Tour d'Auvergne
FarGuy Aldonce I de Durfort
EktefelleMarguerite Félice de Lévis
BarnJean-Baptiste de Durfort, Jacques Henri II de Durfort, Félice Armande de Durfort

Jacques Henri de Durfort, hertugen av Duras (9. oktober 162512. oktober 1704) var marskalk av Frankrike.

Bror hans, Guy Aldonce de Durfort de Lorges, var òg marskalk av Frankrike. Han tente først under onkelen sin, Turenne, og under Condé. Han utmerkte seg i Mariendal og Alerheim.

I 1651 følgde han Condé inn i eit opprør, men kom attende i teneste hos kongen i 1657 med tittelen generalløytnant. Han spelte ei viktig rolle i erobringa av Franche-Comté og vart av Ludvig XIV utpeikt som guvernør i provinsen og marskalk i 1675. I 1689 tok han del i øydelegginga av Pfalz under niårskrigen.

Han gifta seg med Marguerite Félice de Lévis, dottera til Charles de Lévis, hertugen av Ventadour og Marie de La Guiche. Marguerite Félice var svigerinna til Charlotte de La Mothe Houdancourt og tante til hertuginna av Rohan-Rohan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jacques Henri de Durfort de Duras