Franche-Comté

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Région Franche-Comté
Våpenskjoldet til Franche-Comté
Fakta
Hovudstad Besançon
Regionspresident Marie-Marguerite Dufay
Flatevidd 16 202 km²
Folketal 1 146 000 (2006)
Rangering 20
Folketettleik 71 innb./km²
Arrondissement 8
Kantonar 116
Kommunar 1 786
Geografi
Plassering av Korsika

Departement
Doubs   Haute-Saône
Jura   Territoire de Belfort

Franche-Comté er ein region og tidlegare provins aust i Frankrike. Han består av departementa Doubs, Jura, Haute-Saône og Territoire de Belfort og har eit folketal på over 1,1 millionar innbyggjarar.

Dei største byane er Besançon (den historiske og moderne hovudstaden i regionen), Belfort og Montbéliard (Storbyområdet Belfort-Montbéliard-Héricourt-Delle). Andre viktige byar er Dole (hovudstad før området vart erobra av Louis XIV seint på 1600-talet), Vesoul (hovudstad i Haute-Saône), Arbois («vinhovudstaden» i Jura) og Lons-le-Saunier (hovudstad i Jura).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Franche-Comté oppstod ikkje offisielt før i 1366. Det hadde vore eit område i Burgund frå 888, og provinsen vart ein del av Det tysk-romerske riket i 1034, og vart heilt skild frå naboområdet hertugdømet Burgund då Burgund vart ein del av Frankrike i 1477. Området vart overført til Austerrike i 1481 og Spania i 1556. Franche-Comté vart okkupert av Frankrike i 1668, men levert tilbake då det vart fred etter Freden i Aix-la-Chapelle i 1668. Området vart okkupert på ny i 1674, og til slutt gjeve til Frankrike etter Freden i Nijmegen i 1678.

Folketalet i regionen fall med ein femtedel mellom folketeljingane i 1851 og 1946, noko som viste den låge naturlege veksten i Frankrike og flyttinga til meir urbaniserte delar av landet. Den største folkeutflyttinga skjedde i Haute-Saône og Jura, som er av dei meir jordbruksavhengige områda i landet.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Regionsspråket Franc-Comtois er ein dialekt av Langue d'Oïl som vert snakka av ein liten del av folket, og vert rekna som eit fransk språk.

Så tidleg som på 1200-talet snakka den sørlege to-tredjedelen av Jura og den sørlege tredjedelen av Doubs ein dialekt av frankoprovensalsk språk. Ein snakka framleis språket i jordbruksområde på 1900-talet. Frankoprovensalsk vert rekna som eit offisielt fransk språk.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Franche-Comté


Flag of France.svg Franske regionar Flag of France.svg
Alsace | Aquitaine | Auvergne | Bourgogne | Bretagne | Centre | Champagne-Ardenne | Corse | Franche-Comté | Île-de-France | Languedoc-Roussillon | Limousin | Lorraine | Midi-Pyrénées | Nord-Pas-de-Calais | Basse-Normandie | Haute-Normandie | Pays de la Loire | Picardie |
Poitou-Charentes | Provence-Alpes-Côte d'Azur| Rhône-Alpes

Koordinatar: 47°00′N 6°00′E