Jagar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg jagarfly og jakthund som og kan kallast «jagar»
Jagar frå den russiske Udaloj-klassa.

Ein jagar er eit hurtiggåande krigsskip av middels storleik (1 000–6 000 tonn, 35–40 knops fart), væpna med torpedoar, antiubåtvåpen og eventuelt rakettar.

Jagarar kom til i 1880-åra, då krigsskip var dampdrivne og med stålskrog. Dei skulle skjerme slagskipa frå torpedobåtar. Kort etter vart dei sjølve utrusta med torpedoar og jakta slagskip langt frå kysten, utanfor rekkevidda til dei små torpedobåtene. Då undervassbåtane vart dei primære torpedoberarane i den fyrste verdskrigen endra jagarane arbeidsoppgåver og vart undervassbåtjegarar.

Jagarar er større enn fregattar og mindre enn kryssarar, men definisjonen på en jagar kjem typisk an på eit skjønn eller ein politisk definisjon. Typisk vil jagarar vere 120 til 170 meter lange, ha tonnasjar på 3 000 til 10 000 tonn og besetning på 250 til 400 mann. Grunna auka automatisering vil eldre fregattar kunne ha større besetning enn moderne jagarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]