Jahorina
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Jahorina | |
| fjell | |
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Dei dinariske Alpane |
| høgd | 1 913 moh |
| koordinatar | |
Jahorina er eit fjell i Dei dinariske Alpane sentralt i Bosnia-Hercegovina i republikken Republika Srpska. Det ligg like søraust for Sarajevo ved sida av fjellet Bjelašnica. Jahorina er 1 913 meter høgt.
Som dei andre fjella rundt Sarajevo er Jahorina ein populær turiststad med tilbod om mange forskjellige vinteraktivitetar, i tillegg til turløyper for både gå- og skiturar. Fjellet har over 40 km med skiløyper i tillegg til moderne fasilitetar. Under Vinter-OL 1984 vart det halde fleire øvingar her.