Bosnia-Hercegovina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Bosna i Hercegovina
Босна и Херцеговина

(norsk: Bosnia-Hercegovina, bosnisk)

Det bosniske flagget Det bosniske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Intermeco»
Motto Ukjent
Geografisk plassering av Bosnia-Hercegovina
Offisielle språk Bosnisk, serbisk og kroatisk
Hovudstad Sarajevo
Styresett
President
Formann i ministerrådet
Republikk
Željko Komšić
Vjekoslav Bevanda
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
51 197 km² (126.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
4 622 292 (121.)
90,3 /km² (90.)
Sjølvstende
5. april 1992
Nasjonaldag 25. november
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
30 560 mill. USD (105.)
6 600 USD (108.)
Valuta Konvertibel mark
Tidssone UTC +1
Telefonkode +387
Toppnivådomene .ba


Bosnia-Hercegovina er eit land sør i Europa. Det grensar til Kroatia i nord, vest og sør, til Serbia og Montenegro i aust, og har ei kort kystlinje til Adriaterhavet ved byen Neum.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Bosnia-Herzegovina
For meir om dette emnet, sjå Bosnisk geografi.

Landet har stort sett fjellandskap og ligg sentralt i Dei dinariske Alpane. Den nordaustlege delen av landet strekkjer seg inn i sørlege område av Den pannoniske sletta, medan sørlege delar av landet grensar til Adriatarhavet. Landet har berre 20 km kystlinje rundt byen i Neum i Hercegovina-Neretva kommune, men er innelåst mellom kroatiske landområde og territorialfarvatn.

Namnet på landet kjem frå dei to regionane Bosnia og Hercegovina, som aldri har hatt noko definert grense mellom seg. Bosnia utgjer den nordlege delen av landet (om lag 80 %), medan Hercegovina utgjer den sørlege middelhavsregionen.

Store byar er hovudstaden Sarajevo, Banja Luka, Bijeljina, Tuzla, Zenica og Mostar, som er hovudstad i Hercegovina.

Nær 50 % av Bosnia-Hercegovina er dekt av skog. Dei største skogane finn ein sentralt og i austleg og vestlege delar av Bosnia. Nordlege område av Bosnia har svært grøderike jordbruksområde langs elva Sava.

Det er sju store elvar i Bosnia-Hercegovina: Una, Sana, Vrbas, Bosna, den lengste elva innanfor Bosnia, Drina, som dannar grense mellom Bosnia og Serbia, Neretva og Sava, som er den lengste av elvene som er innom Bosnia-Hercegovina, men ikkje den lengste elva i sjølve landet. Sava renn gjennom Serbia, Bosnia-Hercegovina og Kroatia. Ho dannar den naturlege grensa mellom Bosnia-Hercegovina og Kroatia.

Klima[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Bosnisk geografi.

Bosnia-Hercegovina har eit variert klima der vêrforholda kan endre seg mykje over korte avstandar. Lågtrykk i Middelhavet pøser mild og fuktig luft inn mot denne fjellrekkja om vinteren, og vestsida er eit av dei våtaste områda av Europa. Enkelte stader langs vestsida av Dei dinariske alpane kan få 4000 mm om i løpet av eit år, medan kystbyane berre får om lag 1000 mm. Midtsommars er det stort sett berre sol, og dei indre områda kan få svært høge temperaturar. Mostar, ved Neretva, er ein av dei varmaste byane i Europa.

Dei lågareliggande områda i nord har eit klima som er meir likt Sentral-Europa. Nedbørsmengdene minkar mot aust, og vinteren er skya, sjølv i dei tørraste områda. Vind frå sør kan strøyme nordover, og fønvind kan gje temperaturar over 10 °C, eller kald luft (kalla kosavavind) frå Karpatane kan strøyme sørover. Fjella i vest vernar desse områda frå den kjøligare havlufta, så temperaturane om sommaren kan bli svært høge.

Næringar og ressursar[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Dette er hovudnæringa i Bosnia-Hercegovina. Bøndene dyrkar kveite, mais, frukt, grønsaker, vindruer og tobakk. Storfe og sauehald er også svært viktig. søk på Mexoco og gjer det som står

Industri[endre | endre wikiteksten]

Bosnia har mykje militærindustri, men også stålindustri, forsvarsindustri, og industri som lagar reiskapar.

Ressursar[endre | endre wikiteksten]

Brunkol, jernmalm, bly, sink, mangan og bauxitt er vanlege ressursar.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bosnia-Hercegovina