Jan Hess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jan Johan Langeland Hess (3. februar 187429. juni 1948) var ein norsk fiskar, reiar, fiskehandlar og industrieigar frå Buskøyna i Solund. I tre tiår frå 1902 dreiv han omfattande næringsverksemd på fødestaden og i Florvåg.

Far til Hess dreiv landhandel, bakeri og dampskipsekspedisjon på Buskøya. Sjølv byrja Jan Hess som fiskar i open båt. År 1894 skaffa han seg ei Lister-skøyte. I 1902 stod han i spissen for kjøpet av det 86 fot lange fiskedampskipet «Solundir», nybygt frå verft i Kristiansand.[1] Båten dreiv «sildefiske og bankfiske». I 1905 vart båten seld og aksjeselskapet oppløyst. Dei komande åra «kosta han fleire store havgåande farty for eiga rekning».[2] «Under første verdenskrig eide Hess ikke mindre enn 10 dampskip engasjert i sildefiske, hvalfangst og selfangst»[3], samt eit trankokeri i Ålesund. Mot slutten av verdskrigen kom Hess i store økonomiske vanskar og sat til sist att med tre dampskip: «Storeggen», «Bell» og «Ramoen», den siste innkjøpt frå Vartdal i 1918.

Same året 1918 flytta Hess til Florvågøya i Askøy i Nordhordland, der svigersonen Sølfest Andersen budde. Saman danna dei firma Hess & Andersen som mellom anna dreiv eit salteri og ein tønnefabrikk. I tillegg til dei båtane dei hadde hand om, skaffa dei nye: «Ask», «Buskø», «Havfruen» og «Snorre». I 1930 vakla firmaet. Kreditorar tok då mellom anna over fangstskuta «Buskø», som selfangstreiaren Elling Aarseth vart ny disponent for. I 1932 tok Bergens Kreditbank over eigedomane til Hess i Florvåg. Sjølv flytta han tilbake til Buskøyna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]