Kristiansand kommune
| Kristiansand kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1001 |
| Fylke | Vest-Agder |
| Adm.senter | Kristiansand |
| Areal | 276 km² |
| Folketal | 83 299 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-) | Arvid Grundekjøn (H) |
| Målform | Bokmål |
| Nettstad | www.kristiansand.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Kristiansand kommune på Commons | |
Kristiansand er den femte største bykommunen i Noreg og fylkeshovudstad i Vest-Agder fylke. Som den største byen på Sørlandet blir han også kalla hovudstaden til denne landsdelen.
Innhaldsliste |
[endre] Venskapsbyar
[endre] Historie
Det var den dansk-norske kongen Christian IV som grunnla byen, og kalla han opp etter seg sjølv, i 1641. Sidan byen vart bygd på ein sandbanke, fekk han namnet Christianssand. I 1682 flytta kongen bispesetet hit frå Stavanger og kalla bispedømet for Kristiansand stift.
[endre] Byvåpen
Kristiansand sitt byvåpen viser ei løve under ei furu på raud bakgrunn, med ei krone over og eit valspråk rundt. At krona er lukka og ikkje open, som i andre byvåpen, syner at byen vart grunnlagd av ein konge. Furua viser til at byen vart grunnlagd på ei furumo, og løva kjem frå det norske riksvåpenet. Valspråket som står under våpenet er «Causa Triumphat Tandem Bona» - den gode saken vinn til slutt.
[endre] Somarby
Dei fleste nordmenn kjenner Kristiansand som ein somar- og ferieby. I tillegg til varmt sørlandsklima og eit triveleg bysentrum har han fleire populære trekkplaster. Kristiansand Dyrepark trekk til seg mange vitjande barnefamiliar medan Quart-festivalen gjer at også mykje ungdom kjem til byen.
[endre] Transportknutepunkt
Kristiansand er òg eit viktig knutepunkt for transport og kommunikasjon. Byen er ende- og startpunkt for Europavei 18, Europavei 39 og riksvei 9 over Setesdalen. Med Sørlandsbanen har byen jarnbanesamband med både Oslo i aust og Stavanger i vest. Flyplassen på Kjevik er forbunde med fleire byar i Noreg og Europa, mellom anna Amsterdam og København. Hyppige ferjeavgangar til Hirtshals i Danmark gjer Kristiansand tilknytting til Europa.
[endre] Tettstader
- Justvik
- Kristiansand
- Skålevik
- Strai
- Tveit
- Vennesla (busetnaden i tettstaden Vennesla strekkjer seg inn i Kristiansand kommune.)
[endre] Kjende personar frå Kristiansand
[endre] Fotnotar
| Kommunar i Vest-Agder | ||
|---|---|---|
| Audnedal · Farsund · Flekkefjord · Hægebostad · Kristiansand · Kvinesdal · Lindesnes · Lyngdal · Mandal · Marnardal · Sirdal · Songdalen · Søgne · Vennesla · Åseral | ||