Jean-Paul Villain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean-Paul Villain


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 1. november 1946 (77 år)
Dieppe
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1972

Jean-Paul Villain (fødd 1. november 1946) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Dieppe. Han vart i 1971 europameister i 3 000 meter hinder.

Under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen vart Villain niandemann i hinderløpet. Eitt år seinare kom han i mål til femteplass på tida 8.33,4 ved EM i friidrett 1969 i Aten. I europameisterskapen i Helsinki i 1971 gjorde han sitt livs løp då han vann gullmedaljen på ny fransk rekord 8.25,1, sekundet føre Dušan Moravčik frå Tsjekkoslovakia. Året etter enda Villain nede ellevteplassen då dei olympiske sommarleikane 1972 vart avvikla i München. Korkje i Roma-EM 1974 eller i Sommar-OL 1976 i Montreal makta han ta seg til finale i 3 000 meter hinder.

Villain var fransk mester på 3 000 m hinder i 1965, 1969-1971 og 1976.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]