Dieppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dieppe
Hamna i Dieppe
Hamna i Dieppe
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Haute-Normandie
Seine-Maritime
Geografi
Flatevidd
 - By

11,67 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

34 653
  2 969/km²
81 419
Koordinatar 49°55′″N 01°05′″EKoordinatar: 49°55′″N 01°05′″E
Høgd over havet 6 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Nettstad: www.mairie-dieppe.fr

Dieppe er ein by og kommune nord i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Seine-Maritime i regionen Haute-Normandie. Byen har om lag 35 000 innbyggjarar, og etter ei folketeljing i 1999 hadde storbyområdet 81 419 innbyggjarar.

Byen er ein hamneby ved Den engelske kanalen, og er kjend for sine muslingar. Frå byen går det ferjesamband til Newhaven i England. Dieppe har òg ei populær grusstrand, eit slott frå 1400-talet og kyrkjene St. Jacques og St. Remy.

Dieppe høyrer til området Pays de Caux.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Deppae 1015-1025; Deupa, Diopa : "dyp".

Byen vart først nedteikna som ein liten fiskelansby i 1030, og byen vart kjempa om under Hundreårskrigen. På 1500-talet hadde byen ein av dei mest avanserte franske skulane innan kartografi, og på 1600-talet var hamna ei av dei flottaste i kongeriket. Etter at Ediktet i Nantes vart oppheva mista Dieppe 3 000 hugenottar, som rømde utanlands.

Dieppe var eit viktig mål i fleire krigar, og byen vart stort sett øydelagd av engelsk-nederlandsk bombardement i 1694. Byen vart bygd opp att i 1696, og vart ein populær ferieby etter hertuginna av Berry, som hadde vorte enke, vitja byen i 1824. Ho var svigerdotter til Karl X av Frankrike. Ho oppfordra til bygging av eit teater, Petit-Theatre (1825).

Diepperaidet under den andre verdskrigen vart kjend som eit blodig slag, og kosta mange menn for dei allierte. 19. august 1942 gjekk allierte soldatar, hovudsakleg kanadiske, i land ved Dieppe med håp om å okkupere byen etter kort tid, finne etteretningsinformasjon og trekke Luftwaffe ut i open kamp. Dei allierte tapte meir enn 1 400 menn, og 1 946 kanadiske soldatar vart fanga utan at nokre av måla vart oppnådd.

Dieppe i Canada (tidlegare Léger Corner) fekk det noverande namnet sitt i 1946 for å ære dei kanadiske soldatane som fall i Diepperaidet.

Dieppe

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dieppe