Jean-Pierre Yvaral
Jean-Pierre Vasarely (1934–2002), kunstnarnamn Yvaral, var ein fransk kunstnar innan op-art og kinetisk kunst frå 1954 og framover. Han var son av Victor Vasarely.
Yvaral studerte grafisk kunst og publisitet ved Ecole des Arts Appliques mellom 1950 og 1953. I 1960 grunnla Yvaral Groupe de Recherche d'Art Visuel (GRAV) i lag med Julio Le Parc, François Morellet, Francisco Sobrino, Horacio Garcia Rossi og Joel Stein, og prøvde å utvikle eit samanhengande abstrakt visuelt språk som bestod av enkle geometriske element.
I 1975 fann han opp uttrykket numerisk kunst for å skildre kunst samansett (eller programmert) etter numeriske reglar eller algoritmar. Frå den tid nytta han datamaskinar til å digitalt prosessere og manipulere bilete, sjølv om det endelege resultatet alltid var handmala. Han nytta denne teknikken til å produsere fleire portrett der han nytta eit lett gjenkjenneleg motiv, som andletet til Marilyn Monroe, og så bearbeide dei slik at dei vart abstrakte komposisjonar, samstundes som det opphavlege bilete av gjenkjenneleg.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell side (fransk)
- Bilete
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Jean-Pierre Yvaral» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Oversyn
- Biografi
- Biography på tate.org
- Holzhey, Magdalena, Vasarely (Taschen 2005) ISBN 3-8228-3908-6