Jens Bjørneboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jens Bjørneboe (9. oktober 19209. mai 1976) var ein norsk forfattar som skreiv ei rad romanar med sterkt samfunnskritisk innhald. Han skreiv òg dikt, skodespel og essay. Mange av verka er omsette til andre språk, mellom anna engelsk og tysk.

Jens Bjørneboe vart fødd i Kristiansand den 9. oktober 1920. I 1943 flykta Bjørneboe til Sverige for å unngå den obligatoriske arbeidstenesta, og stifta kjennskap med antroposofien. Det var under dette eksilet at han møtte kvinna som skulle verta den første kona hans, tysk-jødiske Lisel Funk. Ho var interessert i antroposofi.

I forfattarskapen gjekk han mellom anna til åtak på skulestellet, rettsstellet og fengselsvesenet. Bjørneboe var aktiv innan riksmålsrørsla. Han vart dømd for å ha utgjeve den pornografiske boka Uten en tråd i 1967. I 1975 flytta han til øya Veierland nær Tønsberg, og det var her han vart funnen død den 10. mai 1976.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Dikt (1951)
  • Før hanen galer. Roman (1952)
  • Ariadne. Dikt (1953)
  • Jonas. Roman (1955)
  • Under en hårdere himmel (1957)
  • Den store by (1958)
  • Vinter i Bellapalma. Av forfatteren Hans Berlows etterlatte papirer (1958)
  • Blåmann (1959)
  • Den onde hyrde. Roman (1960)
  • Drømmen og hjulet (1964)
  • Til lykke med dagen (1965)
  • Uten en tråd (1966)
  • Frihetens øyeblikk. Heiligenbergmanuskriptet (1966)
  • Fugleelskerne (1966)
  • Aske, vind og jord (1968)
  • Semmelweis. Et anti-autoritært skuespill (1968)
  • Norge, mitt Norge. Essays om formyndermennesket (1968)
  • Uden en trævl II (1968)
  • Kruttårnet (1969)
  • Vi som elsket Amerika (1970)
  • Amputasjon. Arena-spill i 1 akt. (1970)
  • Anarkismen - I dag? (1971)
  • Politi og anarki (1972)
  • Hertug Hans. En novelle (1972)
  • Stillheten. En antiroman og absolutt siste protokoll (1973)
  • Tilfellet Torgersen. Rekonstruert av aktstykker (1973)
  • Haiene (1974)
  • Dongery (1976)
  • Røde Emma (1976)
  • Under en mykere himmel. Brev og bud fra en Steinerskole (1976)
  • Lanterner (1977)
  • Om Brecht (1977)
  • Om teater (1978)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]