Jens Glatved

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Glatved
Fødd26. januar 1792
Norderhov
Død27. juni 1837 (45 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest, politikar
Alle verv

Jens Glatved (26. januar 179227. juni 1837) var ein norsk lærar, prest og stortingsmann.

Glatved var fødd i Norderhov, der far hans var prest. Sjølv vart han student i 1812. Deretter var han tre år huslærar i Danmark, og sidan tre år styrar av ein privatskule i Drøbak. I 1825 vart han cand. theol. og sokneprest i Gildeskål. År 1834 vart han sokneprest i Vestby.

I 1833 representerte Glatved Nordlands amtStortinget. Han var sekretær i trykkekomiteen.

Glatved døydde i Vestby i 1837.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]