Jens Hagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Hagen
Fødd20. oktober 1832
Død21. februar 1906 (73 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Jens Anderssen Hagen (20. oktober 183221. februar 1906) var ein norsk garvarmeister, teglverkseigar og stortingsmann frå Romedal i Hedmark.

Hagen var son til ein gardbrukar. Sjølv var han garvarmeister i Christiania frå 1858. I 1895 kjøpte han eit teglverk og dreiv dette òg. Hagen var medlem av bystyret i Kristiania frå 1885 til -94, dei fire fyrste åra var han i formannskapet. Elles var han direktør (styreleiar) i Spareskillingsbanken i perioden 1888-1903.

Hagen var 4. representant frå Kristiania, Hønefoss og KongsvingerStortinget 1886-88. Han var medlem av næringskomite nr 2.

Han døydde i hovudstaden i 1906.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914