Jessie Bay
Jessie Bay | |||
bukt | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Orknøyane | ||
- koordinatar | 60°44′S 44°44′W / 60.733°S 44.733°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Jessie Bay 60°44′00″S 44°44′00″W / 60.7333°S 44.7333°W | |||
Jessie Bay er ei bukt som ligg mellom Mackenzie Peninsula og Pirie Peninsula, på nordsida av Laurie Island i Sør-Orknøyane. Ho vart visstnok oppdaga av kaptein George Powell, ein britisk selfangar, og kaptein Nathaniel Palmer, ein amerikansk selfangar, i 1821. Ho vart grovt kartlagd av kaptein James Weddell, ein britisk selfangar, i 1822. Ho vart kartlagd i 1903 av Den skotske nasjonale antarktisekspedisjonen av William S. Bruce, som namngav bukta etter kona si, Jessie Mackenzie Bruce.[1] Han namgav òg ei vik i bukta, Sheila Cove, etter dottera si.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Jessie Bay». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 30. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Jessie Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).