Sør-Orknøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 60°35′S 45°30′W
Sør-Orknøyane
øy
none  Signy Island-basen
Signy Island-basen
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Antarktis
 - koordinatar 60°35′S 45°30′W
Høgd 1 266 m
Areal 620 km²
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Kart over Sør-Orknøyane
Kart over Sør-Orknøyane
Sør-Orknøyane is located in Antarktis
Sør-Orknøyane (Antarktis)

Sør-Orknøyane er ei øygruppe i Sørishavet, kring 604 km nordaust for tuppen av Den antarktiske halvøya.[1] Dei dekkjer eit areal på i alt 620 km².[1]

Øyane har vore ein del av Britisk Antarktis sidan 1962 (tidlegare høyrte dei til Falkland Islands Dependencies), og British Antarctic Survey dreiv ein base på Signy Island. Argentina har òg gjort krav på øyane som ein del av provinsen Eldlandet, og Den argentinske marinen har hatt ein permanent baseLaurie Island sidan 1904. Utanom personellet på basane er det ingen innbyggjarar på øyane. I følgje Antarktistraktaten frå 1959 er ikkje statsvelde over øyane anerkjent eller motstridd av medlemslanda av avtalen og dei kan ikkje nyttast til militære føremål.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Signy Island-basen

Sør-Orknøyane vart oppdaga i 1821 av dei to selfangarane Nathaniel Brown Palmer og George Powell. Øyane fekk opphavleg namnet Powell's Group, medan hovudøya fekk namnet Coronation Island fordi det var året kong Georg IV vart krona (coroniation på engelsk). I 1823 vitja James Weddell øyane og gav øygruppa det noverande namnet etter Orknøyane i Skottland. Han gav òg nye namn til somme av øyane i gruppa. Sør-Orknøyane ligg omtrent like langt sør som Orknøyane ligg mot nord (60 °S og 59 °N), men ein veit ikkje om dette var grunnlaget for namnet øyane fekk.

Øyane vart sidan ofte vitja av sel- og kvalfangarar, men det vart ikkje gjort skikkelege landmålingar før ekspedisjonen til William Speirs Bruce på «Scotia» i 1903, som overvintra på Laurie Island. Bruce kartla øyane og fjerna nokre av namneendringane som Weddell hadde gjort. Han oppretta ein vêrstasjon, som vart seld til Argentina då han forlet staden i 1904. Denne basen, som fekk namnet Orcadas i 1951, er framleis i drift. Det er dermed den eldste forskingsstasjonen i Antarktis som har vore i kontinuerleg drift.

Eit frimerke frå 1944 frå Falklandsøyane med påtrykk for bruk på Sør-Orknøyane.

I 1908 erklærte Storbritannia suvernitet over forskjellige område i Antarktis og Sør-Amerika.[2] Øyane vart frå då av administrert som ein del av Falkland Islands Dependencies. Ein biologisk forskingsstadjon på Signy Island vart bygd i 1947 av British Antarctic Survey. I 1962 kom øyane inn under det nyoppretta Britisk Antarktis.

Det argentinske kravet på øyane går attende til 1925. Det vart opphavleg rettferdiggjort av at argentinarane hadde vore på Laurie Island i lengre tid og vart sidan utvida til eit større territorialkrav.[3]

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Middeltemperaturar frå 1901 til 2007; NASA.

Øyane ligg på breidder kring 60°30' til 60°83' S, og frå 44°25' til 46°25' W i Sørishavet.

Øygruppa består av fire hovudøyar.

Coronation Island er den største øya og er kring 50 km lang. Det høgaste punktet er Mount Nivea som er 1266 meter over havet. Laurie Island er den austlegaste av øyane. Dei to andre øyane er Powell Island og Signy Island. Mindre øyar i øyrguppa er mellom andre Robertson Island, Saddle Islands og Acuna Island. I alt dekkjer øygruppa kring 620 km² og av dette er 90 % dekt av isbrear.[1]

Inaccessible Islands ligg kring 15 nautiske mil vestover og vert òg rekna som ein del av Sør-Orknøyane.

Klimaet på Sør-Orknøyane er generelt kaldt, vått og vindfullt. Somrane er korte og kalde (desember til mars) med ein middeltemperatur kring 2 °C. Om vinteren fell temperaturen til kring -10 °C (juli). Det varmaste som er målt er 12 ºC og det kaldaste er -44 ºC. Havområdet kring øyane er isdekt frå seint i april til november.

Trass i dei harde tilhøva er det vegetasjon på øyane og øyane er ein del av økoregionen Scotiahavet øytundra i lag med Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane, Sør-Shetlandsøyane og Bouvetøya. Alle desse ligg id et kalde havet sør for Den antarktiske konvergensen. I desse områda finn ein tundravegetasjon som består av mosar, lav og algar, medan sjøfugl, pingvinar og sel lever av dei kringliggande farvatna.

Sør-Orknøyane-tråget (60°0′S 45°0′W) er eit undersjøisk tråg som er knytt til Sør-Orknøyane.

Forskingsstasjonar[endre | endre wikiteksten]

Det er to forskingsstasjonar på øyane:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Antarctica: Secrets of the Southern Continent s. 122, David McGonigal, 2009
  2. International law for Antarktis s. 652, Francesco Francioni and Tullio Scovazzi, 1996
  3. Exploring polar frontiers: a historical encyclopedia, Volume 2, s. 34–35, William James Mills, 2003
  • Flatemåla på øyane er tekne frå dei einskilde øy-artiklane på tysk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]