Jesusbøna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristogram med jesusbøna på rumensk: Doamne Iisuse Hristoase, Fiul lui Dumnezeu, miluieşte-mă pe mine păcătosul ('Herre Jesus Kristus, Guds son, miskunna deg over meg, ein syndar').
Kristendommen
Icthys-symbolet
Utøving

Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat  | sakrament
Bøner: «Fader vår» | «Hill deg, Maria» | Jesusbøna

Jesusbøna er ei bøn som tek opp att orda «Jesus Kristus, miskunna deg over meg!» eller i ei litt lengre utgåve: «Herre Jesus Krist, Guds son, miskunna deg over meg, ein syndar

Bøna er den same som den blinde Bartimeus i vegkanten ved Jeriko i følgje Det nye testamentet ropte då Jesus gjekk forbi,[1] [2], og som den kanaaneiske kvinna ropte etter Jesus då dottera hennar var plaga av ei vond ånd.[3] Bøna vert spesielt bruka innan ortodoks kristendom. På same måten som den blinde mannen tok bøna opp at fleire gonger, skal jesusbøna takast opp att gong på gong, nærast på ein meditativ måte, slik Paulus påbyd i det fyrste brevet til tessalonikarane: «Be uavlateleg!»[4]

På gresk lyder bøna «Kyrie eleison», og i denne forma vert ei tilsvarande bøn bruka i gudstenesta i Den norske kyrkja, som i dei fleste andre kyrkjesamfunn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]