Synd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Die Sünde (1893) av Franz von Stuck.

Synd (av norrønt synd) er eit religiøst omgrep som kan visa til tilstandar, handlingar, tankar eller ytringar knytt til ureinskap, manglar eller feil i høve til ei rettesnor.[1] Synd er eit sentralt omgrep i jødedommen, kristendommen og islam; det finst òg i andre religionar, som i buddhismen og hinduismen. Omgrepet kan vera ei forklaring på liding og død, eit grunnlag for straff og eit hinder for frelse. Ein kan forstå synd som noko som kan fjernast gjennom eigne handlingar, eller som noko berre ein guddom kan taka bort.[2]

Synd i abrahamittiske religionar[endre | endre wikiteksten]

Jødedom[endre | endre wikiteksten]

Jødedommen reknar brot på Guds lov som synd. Synd er ei handling, og ikkje ein tilstand. Mennesket vart skapt med ei dragning mot synd (1. Mos 8,21) og evna til å overvinne denne draginga (1. Mos 4,7). Gud krev rettferd og straffar syndarane, men jødedommen har ei rad ritual for å få Guds tilgjeving for synd.

Kristendom[endre | endre wikiteksten]

Demonar viser ein døyande syndene hans. Svensk mellomalderillustrasjon.

I kristendomen er det Guds vilje som er er rettesnora. Synda skil menneska frå Gud. Etter kristendommen kan ingen menneske unngå å synde (Rom. 3.23). Synda har opphav i vondskapen, og ho fører til død (Rom. 6.23) - ikkje umiddelbart til ein fysisk død, men ein andeleg daude som til slutt kan leie til ein evig daude – evig åtskilt frå Gud. Kristendomens kjernepunkt er at Guds son, Jesus Kristus, gjennom si oppstode sigra over dauden og synda. Ved å følgje Jesus kan alle menneske finne vegen attende til Gud.

Fleire konkreta handlingar har vore definerte som syndige. Brot på dei ti bodorda har alltid vore rekna som synd – så som avgudsdyrking, tjuveri, mord, sex utanom ekteskapet og løgn. Slike brot på det som er rekna som god moral er rekna som syndige i mange religionar.

I mange av dei pietistiske vekkingsrørslene har det vore lista opp adiafora, konkrete handlingar som må reknast som syndige. Det kan vere kortspel, dans, nyting av alkohol, kino og unødvendig luksus.

Katolsk doktrine skil mellom personleg synd og arvesynd, og innan dei personlege syndene mellom dødssynder og venielle synder (svakheitssynder).

Dødssynder er objektivt alvorlege synder som syndaren er klar over at han gjer (eller ikkje gjer, forsøming kan òg vere ei dødssynd). Eit menneske som gjer ei dødssynd vert avskore frå Guds nåde; ei dødssynd er i seg sjølv ei avvising av Gud. Følgja av ei dødssynd er fortaping dersom syndaren ikkje vert forsona med Gud. Dødssynder kan berre verte tilgjeve gjennom individuelt skriftemål.

Venielle synder er mindre alvorlege, anten fordi det som skjer er objektivt mindre alvorleg, eller fordi syndaren ikkje er fullt ut klar over handlinga. Syndaren vert ikkje avskoren frå Guds nåde, fordi slike synder ikkje inneber ei avvising av Gud. Men dei skader tilhøvet til Gud, og dersom dei vert ei vane, kan dei få same følgjer som dødssyndene. Venielle synder kan verte tilgjevne gjennom ei felles syndsvedkjenning; slike felles syndsvedkjenninar er med i alle alle messer.

Islam[endre | endre wikiteksten]

Islam definerer synd (dhanb ذنب) som alt som går mot Guds vilje. Som i jødedommen er synd ei handling, og ikkje ein tilstand. Mennesket er rekna som syndig, og alt godt kjem frå Guds nåde.

Gode gjerningar er viktig i islam, men har ikkje i seg sjølv frelsande verknad; berre Guds nåde kan frelse. Gjennom anger kan menneska få tilgjeving frå syndene.

Dharma-religionar[endre | endre wikiteksten]

Mange hinduar rekner vask i ei heilag elv som Ganges som ein måte å vaska vekk synder på.

Hinduisme[endre | endre wikiteksten]

Innan hinduismen er omgrepet synd ofte forstått som uvit eller ureinskap, og som ein tilstand mennesket sjølv kan endre. I enkelte bhakti-retningar er derimot synd sett på som ein ibuande del av menneskenaturen, som guddommen kan oppheve ved ei direkte, individuell nådeshandling.[2]

Buddhisme[endre | endre wikiteksten]

Innan buddhismen har omgrepet synd ei breiare tyding enn i andre religionar. Brot på ein av dei fem grunnleggjande disiplinane, Pankhasila, er rekna som synd. Tankar kan òg vere syndige.

Konsekvensane av synd kan vere dårleg livskvalitet, motgang, øydelegging og disharmoni. I buddhistisk filosofi finst det ingen Gud som kan tilgje synd, men synda kan bøtast ved fromme handlingar som oppveg synda.

Buddhismen oppmodar syndaren til å angre på synda, slik at han ikkje syndar igjen, men skuldkjensle vert rekna som ein negativ sinnstilstand som det er ufornuftig å dvele ved. Buddhismen oppmodar til medkjensle med dei som syndar, fordi dei gjer seg sjølve vondt.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Petter Dass skriv i si Bibelske Viisebog om De fire raabende Synder; det er synder som i følgje Bibelen ropar til Gud.

  • Brodermord (1. Mos. 4.10)
  • Sodomi (1. Mos. 18.30, 19.13)
  • Å vere hard mot enkjer og farlause (2. Mos 22.22)
  • Å halde att løna til arbeidsfolk (Jakobs brev 5.4)

I moderne poesi vert ikkje alltid ordet synd rekna som noko vondt, men tvert imot som eit ord for verdsleg nyting av livsens gode.

Jeg tror på duft av kaprifol
og syndere i sommersol!

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Synd» i Nynorskordboka og Den Danske Ordbog
  2. 2,0 2,1 «Synd» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 6. april 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Synd
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Synd