Jimmie Macgregor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jimmie Macgregor
Fødd10. mars 1930 (94 år)
FødestadGlasgow
OpphavStorbritannia
Instrumentvokal
Verka somsongar
Prisarmedlem av Den britiske imperieordenen

Jimmie Macgregor MBE (fødd 10. mars 1930) er ein skotsk folkesongar og kringkastar, best kjend som eine delen av ein songduo med Robin Hall.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Jimmie Macgregor var fødd i Springburn i Glasgow i Skottland,[2] og voks opp i ein tenement-leilegheit og så i ein sosialbustad, der han seinare fortalde at folk samla seg for å laga musikk.[3] Etter å ha utført verneplikta (national service) studerte han ved Glasgow School of Art. Han gjekk ut frå skulen på midten av 1950-talet og blei keramikar og lærar.[2]

Samarbeid med Hall[endre | endre wikiteksten]

I 1960 danna han eit musikalsk partnerskap med Robin Hall som kom til å vara i 20 år.[4] Dei var mykje på BBC fjernsyn, både på Tonight[3] og på The White Heather Club.[5] Begge spela også i The Galliards med Leon Rosselson og Shirley Bland.[2]

Hall og Macgregor spelte inn over 20 album i løpet av samarbeidstida si, som enda i 1981.[4][6] Ein av dei mest suksessfulle singlane deira var «Fotball Crazy», som kom ut i 1960 på Decca Records.

Fjernsyns- og radioarbeid[endre | endre wikiteksten]

Macgregor laga så fjernsynsprogram for BBC Scotland, mange om langdistanseturar, som In the Footsteps of Bonnie Prince Charlie, On The West Highland Way og Macgregor Across Scotland. Han laga også radioprogrammet Macgregor's Gathering, som gjekk på Radio Scotland i mange år.[2] Han har vore med i fleire ulike verneorganisasjonar, som Association for the Protection of Rural Scotland,[7] og blei tildelt ein MBE i 1994 for bidrag til skotsk kultur og kulturarv.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Robin Hall and Jimmie MacGregor MBE" Arkivert 11 December 2013 ved Wayback Machine., Scottish Traditional Music Hall of Fame.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Colin Larkin, red. (2002). The Virgin Encyclopedia of Fifties Music (3. utg.). Virgin Books. s. 182/3. ISBN 1-85227-937-0. 
  3. 3,0 3,1 Tom Shields, "He’s set to celebrate his 80th birthday but Jimmie Macgregor is far from over the hill", The Herald, 8 March 2010.
  4. 4,0 4,1 Craig McQueen, "Folk legend Jimmie Macgregor: I'm still going strong at 80 with no plans to retire", Daily Record, 29. november 2010.
  5. Guida, Nick. «Robin Hall and Jimmie Macgregor». Arkivert frå originalen 19. november 2008. Henta 19. september 2007. 
  6. «Robin Hall and Jimmie MacGregor». Henta 19. september 2007. 
  7. «APRS». Arkivert frå originalen 12. mars 2003. Henta 19. september 2007. 
  8. Jimmie Macgregor biography, Shetland Folk Festival.