Joachim Birger Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joachim Birger Nilsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. juni 1993 (30 år)
Yrke sjakkspelar

Joachim Birger Nilsen (fødd 2. juni 1993) er ein norsk sjakkspelar og sjakktillitsvald. Han vart FIDE-meister i sjakk i 2014 og Internasjonal Meister i sjakk (IM) frå mars 2017. Joachim Birger Nilsen vart vald til president i Norges sjakkforbund 10. juli 2022.[1]

Internasjonal Meister i sjakk[endre | endre wikiteksten]

Han Joachim B. Nilsen tok sitt første IM-napp med 6 poeng på 9 runder i IM-gruppa i TV2 International på Fagernes i påska 2016.[2] Han tok deretter eit IM-napp i eliteklassa i Noregsmeisterskapen i sjakk i Tromsø i juli 2016, med 5,5 poeng på dei 8 første rundane. Det hadde deretter ikkje noko å seie at han tapte siste runde.[3] Det tredje og avgjerande IM-nappet kom i Øbros Jubileumsturnering i oktober 2016, med 6,5 poeng på 9 rundar.[4] Han hadde dermed oppfylt kravet om IM-resultat i turneringar med til saman minst 27 parti. Rating-kravet, kravet til eigen rating over 2400 oppfylte han allereie pr. 1. februar 2015 med 2417.[5] Han vart utnemnd til IM av Verdssjakkforbundet ved beslutning publisert 3. mars 2017.[6]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]