Joachim Kirst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joachim Kirst


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 21. mai 1947 (76 år)
Neustadt an der Orla
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1968 Summer Olympics – men's decathlon, athletics at the 1972 Summer Olympics – men's decathlon

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Joachim Kirst (fødd 21. mai 1947) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Neustadt an der Orla i Thüringen som representerte Aust-Tyskland. Han vart europameister i tikamp både i 1969 og 1971.

Joachim Kirst i 1968

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kirst sette personleg rekord med 7 861 poeng då han vart femtemann i tikampen under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen. Året etter forbetra han seg til heile 8 279 poeng, ny austtysk rekord. Ved friidretts-EM i Aten same året var han suveren bestemann med sine 8 041 poeng, meir enn 200 poeng framom sølvmedaljøren. Både i 1970 og 1971 var Kirst mellom dei aller beste mangekjemparane i verda, med årsbeste på høvesvis 8 131 og 8 206 poeng. Han forsvarte i august 1971 EM-tittelen i tikamp ved meisterskapen i Helsinki. Til Sommar-OL 1972 i München kom ikkje Kirst som ein av dei store favorittane, men leia likevel etter fyrste konkurransedagen. På øving nummer seks i tikampen, 110 m hekk, snubla han i den tredje hekken og fall. Dermed braut han tevlinga og la deretter opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott, årgangane 1969-73. Nyhamnsläge.
  • «Joachim Kirst» (på engelsk). Olympedia. Henta 9. april 2023.