Joe Biden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Joe Biden

Joseph Robinette Biden, Jr. (fødd 20. november 1942), oftast berre kalla Joe Biden, er ein politikar i USA. Han er senator i det amerikanske senatet for Det demokratiske partiet og for delstaten Delaware, og vart den 20. januar 2009 innsett som visepresident saman med president Barack Obama.

Politisk løpebane[endre | endre wikiteksten]

Joe Biden var vald til senator i 1972, og har site i seks periodar. Biden er leiar i utanrikskomiteen i Senatet. I tillegg er han medlem i justiskomiteen der han òg var leiar frå 1987 til 1995.

Biden var kandidat til å verte presidentkandidat frå Det demokratiske partiet i 1988 og i 2008, men gav opp etter sviktande oppslutnad.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Biden er utdanna jurist.

Privat[endre | endre wikiteksten]

Biden er fødd i Pennsylvania, men har hatt oppvekst i Delaware. Bakgrunnen er irsk-amerikansk, og han er medlem i den katolske kyrkja. Den fyrste kona til Biden, Neilia (f. Hunter), døydde i ei bilulukke i 1973 saman med det eine av tre barn. I 1977 gifte Biden seg med Jill Tracy Jacobs, og dei har eitt barn saman.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.