Barack Obama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barack Obama

President i USA
Periode20. januar 2009 – 20. januar 2017
PartiDet demokratiske partiet i USA
Fødd4. august 1961 (62 år) i HonoluluHawaii
FødestadKapiolani Medical Center for Women and Children, Honolulu
MorAnn Dunham
FarBarack Obama, Sr.
EktefelleMichelle Obama
BarnMalia og Sasha Obama
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society
109th United States Congress
110. kongressperiode i USA
Congressional Black Caucus
FøregangarGeorge W. Bush
EtterfølgjarDonald Trump
Barack Obama

Barack Hussein Obama II (fødd 4. august 1961 i HonoluluHawaii i USA) var den 44. presidenten i USA og vart innsett den 20. januar 2009. Han er den første afro-amerikanaren som har fått embetet, og var tidlegare den femte i senatet i USA.[1] Barack Obama var presidentkandidat for det demokratiske partiet ved valet i 2008 i konkurranse med republikanaren John McCain.

Barack Obama vart 6. november 2012 attvald for ein andre periode som president i USA.

Politisk reknar ein Obama for å vere ein «moderat demokrat» som kan samarbeide med politikarar frå det republikanske partiet. Moderat i denne samanhengen står i motsetnad til liberal. I tida som senator markerte han ikkje nokon sterk profil, men var heile tida imot krigen i Irak, i motsetnad til mange andre mogelege presidentkandidatar.

Obama er gift med advokaten Michelle Obama, som han har to døtrer med.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Barack Obama er fødd i HonoluluHawaii. Faren, Barack Hussein Obama sr., var kenyanar, mens mora Ann Dunham var frå Kansas. Dei to møttest ved University of Hawaii, der Obama sr. var utvekslingsstudent. Dei vart gift i 1960 og Obama vart fødd ikkje lenge etter. Då Obama var to år, forlet faren familien og deltok nokre semester i eit doktorgradsprogram på Harvard før han flytta tilbake til Kenya.

Då Obama var seks år, gifta mora seg med ein indonesisk mann, Lolo Soetolo, som jobba i oljeindustrien, og familien flytta til Jakarta i Indonesia. Der gjekk han først to år på den katolske skulen Strada Asisia og deretter to år på ein offentleg skule som var open for alle trusretningar. I januar 2007 vart det misvisande hevda at han hadde gått på ein islamistisk madrasa som barn. Sidan Indonesia er eit muslimsk land, er det for det meste muslimske elevar på skulane, medrekna i det minste den siste skulen Obama gjekk på.[2]

Etter fire år gjekk vart mora skild for andre gong, og Obama vart send til besteforeldra på Hawaii medan mora heldt fram med studia i Indonesia. Bestefaren tente til livsopphaldet med å selje forsikringar, men Obama var flink på skulen og fekk stipend på ein dyr high school (vidaregåande) i Waikiki. I sjølvbiografien sin fortel Obama at det var ein periode med mykje festing, då han også prøvde marihuana og kokain.

Far til Obama døydde i ei trafikkulykke i Kenya då sonen var 21 år, og mora døydde av kreft i 1995, få månader etter at han gav ut sjølvvbiografien Dreams from My Father.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Etter vidaregåande skule (high school) fekk Obama nytt stipend og byrja å studere ved Occidental College, som er ein privat høgskule (college) i Los Angeles. Etter to år heldt han fram ved Columbia i New York, der han fullførte lågaregradsstudia med fordjuping i statsvitskap. Han vart uteksaminert i 1983 og arbeidde så eit år i New York før han flytta til Chicago.

I Chicago arbeidde han tre år for ein kyrkjeleg hjelpeorganisasjon som hjelpte arbeidslause i fattige nabolag. I 1988 forlet han Chicago for å studere jusHarvard-universitetet. Her vart han den første afro-amerikanske presidenten for Harvard Law Review og tok juridisk doktorgrad i 1991 med toppkarakterar.

Tilbake i Chicago deltok Obama i arbeidet med å få veljarar til å registrere seg, før han vart tilsett i eit advokatfirma som arbeider med borgarrettar. Han underviste også i jus på University of Chicago, og gjer det stundom enno.

Politikar[endre | endre wikiteksten]

Obama vart innvald i Illinois delstatssenat i 1996. I 2000 stilte han opp i demokratane sitt primærval til Representanthuset, men tapte. Han bestemte seg for å satse på Illinois, der han vart attvald som senator i 2008

I 2004 gjorde Obama eit nytt forsøk på å kome inn i den føderale politikken, og ved senatsvalet i november vann han overlegent over den republikanske kandidaten med 70 % av stemmene. Obamas gjennombrot på nasjonalt plan skjedde etter hovudtalen han heldt på landsmøtet til demokratane i juli same året. Han var den tredje afroamerikanaren som nokon gong hadde halde denne nøkkeltalen, og dei fleste rekna han som ein nykomar. Etter dette vart han svært ofte presentert og intervjua i massemedia. Han vart snart omtykt av mange. I februar 2006 vart folks tiltru til senatorane lodda i ei meiningsmåling; Obama fekk støtte av 71 % av dei spurde, og var dermed den nest best likte av dei 100 senatorane.[3]

Presidentvalskandidatur og valkamp[endre | endre wikiteksten]

Valkamp i Sør-Carolina i august 2007.

Den 16. januar 2007 tok Obama det første formelle steget mot presidentkandidaturet ved å opprette ein undersøkingskomité, og ved ein tale i Springfield i Illinois den 10. februar 2008 følgde den formelle lanseringa av kandidaturet. Talen vart halden på trappa til den tidlegare capitol-bygningen i delstaten, der Abraham Lincoln heldt ein epokegjerande tale i 1858. Obama tok opp fleire trådar frå denne talen og beskreiv til presidentkandidat å vere uvanleg detaljert kva han ville gjere om han vart vald. På dei fleste område der dei to skil lag politisk, markerte han seg til venstre for Hillary Clinton, som vart hovudmotstandaren i nominasjonsprosessen.

På valdagen 4. november 2008 vart det klårt at Obama vert den 44. presidenten i Sambandsstatane.

Til liks med familien Clinton har Obama vore involvert i ein mindre eigedomsskandale.[4]

Nobels Fredspris[endre | endre wikiteksten]

9. oktober 2009 offentleggjorde Nobelkomitéens leiar, Thorbjørn Jagland, at President Barack Obama hadde blitt tildelt Nobels Fredspris for 2009[5]

Forfattar[endre | endre wikiteksten]

  • Dreams from My Father - (1995) sjølvbiografi
  • The Audacity of Hope - (2006) politisk grunnlag

Sjølvbiografien vart ein suksess, og Obama gjorde ein avtale verd 1,9 millionar dollar for å skrive tre bøker til. The Audacity of Hope kom ut 17. oktober 2006 og handlar om Obamas politiske grunnlag og overtyding. Den andre er ei barnebok han skal skrive saman med familien, medan innhaldet i den tredje enno ikkje er annonsert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Breaking New Ground -- African American Senators. www.Senate.gov. Sist vitja 31. oktober 2008.
  2. For detaljar om dei første barneskuleåra i i Indonesia, sjå Obama (1995), s. 154, og Obama (2006), s. 274.
  3. Survey USA: APPROVAL RATINGS FOR ALL 100 U.S. SENATORS AS OF 02/21/06 Sist vitja 6. mai 2008.
  4. Barackwater. www.Slate.com. Sist vitja 5. november 2008.
  5. NRK Nyheitene 9. oktober 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Barack Obama