Johan Nordhagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Johan Nordhagen (23. mars 185628. august 1956) var ein norsk grafikar og kunstmålar. Han er særleg kjend for raderingar av landskapet frå heimgygda Veldre, men også for mange portrett, mellom anna av kong Haakon VII, Bjørnstjerne Bjørnson og Ivar Aasen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Johan Nordhagen var fødd og voks opp på husmannsplassen Nordhagen under garden Flisaker i Veldre i noverande Ringsaker kommune i Hedmark. Faren livnærte seg som hjulmakar.[1]

Nordhagen vart utdanna på Statens handverks- og industriskule i Kristiania. I perioden 1899-1919 var han overlærar i grafisk kunst på same skulen. Han laga raderingar av fleire kjende norske måleri; til dømes Bondegravferd av Werenskiold og Bjerk i Storm av J. C. Dahl. Målaren Nordhagen var på sitt beste då han måla interiøret i kyrkjene i Ringsaker og Veldre.

Nordhagen var ein av skiparane av Norsk Forening for Grafisk Kunst i 1908.

Han var far til arkitekten Olaf Nordhagen (1883-1925) og botanikaren Rolf Nordhagen (1894-1979).

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok VIII. Bandet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]