John Glenn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Glenn
Foto: NASA

John Herschel Glenn Jr. (fødd 18. juli 1921), er ein tidlegare amerikansk astronaut og senator. Han studerte realfag ved Muskingum College og fekk flygarutdanning i marinen i 1942. Glenn vart offiser i US Marine Corps i 1943, og var aktiv pilot under den andre verdskrigen og Koreakrigen. I 1959 vart John Glenn utvald som astronaut som ein av dei første sju «Mercury Seven» astronautane som vart plukka ut av NASA til det amerikanske Mercury-programmet.

Den 20. februar 1962 vart John Glenn den første amerikanaren i bane rundt jorda, i romfartøyet «Friendship 7». John Glenn vart etterpå konsulent hjå NASA fram til 1965. I november 1974 vart han vald til senator frå Ohio. Han vart attvald i 1980, 1986 og 1992. Den 29. oktober 1998 var Glenn, i ein alder av 77 år, med romferja DiscoverySTS-95-ferda, og vart såleis den eldste romfararen nokonsinne.