John Horton Conway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John H. Conway i 2005

John Horton Conway (fødd 26. desember 1937) er ein britisk matematikar.

Han var professor ved University of Cambridge frå 1983 og ved Princeton Universitety i USA frå 1986. Tidleg i 1960-åra gjorde han banebrytande arbeid innanfor teorien om endelege grupper, knytt til kulepakningar i høgare dimensjonar.

Han er derimot mest kjend som oppfinnaren av spelet Game of Life, som var ei vidareutvikling og forenkling av ideane til John von Neumann. Spelet har hatt avgjerande tyding for såkalla «cellulære automatar». Conway har òg levert viktige bidrag til fleire andre felt, og har fått fleire prisar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]