Johnny and Mary

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johnny and Mary
Singel av Robert Palmer
frå albumet Clues
Språk engelsk
Utgjeve 1980
Studio Compass Point Studios
Sjanger
Lengd 3:59
Selskap Island
Komponist Robert Palmer
Tekstforfattar Robert Palmer
Låtskrivar(ar) Robert Palmer
Robert Palmer-kronologi 
«Can We Still Be Friends»
(1979)
Johnny and Mary «Looking for Clues»
(1980)


«Johnny and Mary» er ein song skriven og framført av Robert Palmer. Palmer sin versjon vart spelt inn i 1980 i Compass Point Studios i New ProvidenceBahamas. Songen kom ut på Clues (1980).

«Johnny and Mary» nådde 44. plassen på UK Singles Chart,[4] og gjekk inn på topp 40 i Canada, Australia, New Zealand, Sør-Afrika og fleire land i Europa. I Tyskland gjekk songen heilt til sjuandeplassen på singellista og låg i alt 23 veker inne på topp 20.[5][6] I Spania gjekk songen til topps på den spanske singellista.[7]

Sjølv om songen ikkje gjekk inn på Hot 100-lista i USA, nådde han 18. plassen på Billboard's Club Play Singles chart.[8]

«Johnny and Mary» vart nytta som signaturmelodi i reklamefilmar for Renault-bilar gjennom 1980- og 1990-åra. Dei første reklamefilmane nytta originalversjonen til Palmer, medan ei rekkje spesialinnspelingar innan forskjellige stilar i 1990-åra, mellom anna ei akustisk tolking av Martin Taylor, som han gav ut på albumet sitt Spirit of Django. Taylor spelte inn ein alternativ versjon for Renault. I 2021 spelte Hanna Hägglund inn ein ny versjon av songen, igjen nytta av Renault i ein TV-reklame for å lansere den nyaste versjonen av modellen Clio.[9]

AllMusic meinte at «Johnny and Mary» var inspirasjonen for Rod Stewart sin seinare hit «Young Turks».

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1980–1981) Plassering
Australia (Kent Music Report)[10] 20
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[11] 10
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[12] 8
Canada Top Singles (RPM)[13] 32
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[14] 21
Nederland (Mega Single Top 100)[15] 27
New Zealand (RIANZ)[16] 12
Sør-Afrika (Springbok Radio)[17] 5
Spania (AFYVE)[7] 1
Sverige (Sverigetopplistan)[18] 11
Sveits (Schweizer Hitparade)[19] 5
UK Singles (Official Charts Company)[4] 44
US Billboard Hot Dance Club Play[8] 18
Tyskland (Media Control AG)[20] 7

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1980) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[21] 80

Todd Terje- og Bryan Ferry-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Johnny and Mary
Singel av Todd Terje med Bryan Ferry
frå albumet It's Album Time og Avonmore
Språk engelsk
Utgjeve 7. april 2014
Sjanger Electronica[3]
Lengd
  • 6:32 (album)
  • 5:10 (radio)
Selskap Olsen
Komponist Robert Palmer
Tekstforfattar Robert Palmer
Låtskrivar(ar) Robert Palmer
Produsent Todd Terje
Todd Terje-kronologi 
«Leisure Suit Preben»
(2013)
Johnny and Mary «Alfonso Muskedunder»
(2015)
Bryan Ferry-kronologi
«Alphaville»
(2011)
Johnny and Mary «Loop De Li»
(2014)


Den norske DJ-en Todd Terje laga ein versjon av «Johnny and Mary» for debutalbumet sitt It's Album Time. Han fekk med seg den engelske musikaren Bryan Ferry på vokal. Todd Terje sin versjon kom ut på singel 7. april 2014 digitalt[22] og nådde 185. plassen på Den franske singellista.[23] Songen kom same året ut på det fjortande studioalbumet til Ferry, Avonmore.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD-singel[23]
Nr.TittelLengd
1.«Johnny and Mary»6:32
2.«Johnny and Mary» (Radio edit)5:10
Digital nedlasting[22]
Nr.TittelLengd
1.«Johnny and Mary» (Radio edit)5:10

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2014) Plassering
Frankrike (SNEP)[23] 185

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Drever, Andrew (4. april 2014). «Timely debut takes Ferry 'cross the Terje». The Sydney Morning Herald. Henta 26. juli 2021. 
  2. Sherburne, Philip (9. april 2014). «The Hitman and the Trickster: Todd Terje's Improbable Disco». Spin. Henta 26. juli 2021. 
  3. 3,0 3,1 Todd, Chris (3. april 2014). «Album Review: Todd Terje – It's Album Time». The Line of Best Fit. Henta 7. januar 2018. 
  4. 4,0 4,1 "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  5. «German Top 20 – The Chart of 1980». Ki.informatik.uni-wuerzburg.de. Henta 26. juli 2021. 
  6. «German Top 20 – The Chart of 1981». Ki.informatik.uni-wuerzburg.de. Henta 26. juli 2021. 
  7. 7,0 7,1 Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (på spansk) (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  8. 8,0 8,1 «Robert Palmer – Awards». AllMusic. Henta 26. juli 2021. 
  9. «Nuova campagna pubblicitaria di Renault». Spot and Web (på italiensk). 19. januar 2021. Henta 26. juli 2021. 
  10. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – CHART POSITIONS PRE 1989, part 2». Australske-charts.com. Hung Medien. Henta 26. juli 2021. 
  11. "Robert Palmer – Johnny And Mary – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  12. "Ultratop.be – Robert Palmer – Johnny And Mary" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  13. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  14. "Nederlandse Top 40 – week 40, 1980" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40.
  15. "Dutchcharts.nl – Robert Palmer – Johnny And Mary" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  16. "Charts.org.nz – Robert Palmer – Johnny And Mary". Top 40 Singles. Hung Medien.
  17. «South African Rock Lists Website SA Charts 1969 – 1989 Acts (P)». Rock.co.za. Henta 26. juli 2021. 
  18. "Swedishcharts.com – Robert Palmer – Johnny And Mary". Topp 60. Hung Medien.
  19. "Robert Palmer – Johnny And Mary – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  20. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  21. «Jaaroverzichten 1980» (på nederlandsk). Ultratop. Hung Medien. Henta 26. juli 2021. 
  22. 22,0 22,1 «Johnny and Mary (Radio Edit) [feat. Bryan Ferry]». iTunes Norway. Henta 26. juli 2021. 
  23. 23,0 23,1 23,2 "Lescharts.com – Todd Terje feat. Bryan Ferry – Johnny and Mary" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]