Jonathan Tisdall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jonathan Tisdall (fødd 26. august 1958) er ein amerikansk-norsk sjakkspelar fødd i Buffalo i delstaten New York i USA.

Jonathan Tisdall blei utnemnd til Internasjonal meister i sjakk (IM) i 1981.[1] Han busette seg i Noreg i 1985.[2] Han blei utnemnd til Internasjonal Sjakkstormeister i 1995, som den andre norske med denne tittelen.

Tisdall kvalifiserte seg for stormeister-tittelen ved to sterke turneringsresultat på slutten av 1980-talet, og deretter det tredje i 1993. Det nødvendige kravet om å oppnå ein eigen FIDE-rating på 2500 hadde han til då ikkje klart, men oppnådde dette våren 1995.

Tisdall har blitt noregsmeister i sjakk 3 gongar, i 1987, 1991 og 1995.

Jonathan Tisdal har spelt 4 sjakk-olympiader (lag-VM i sjakk) for Noreg, i 1988, 1992, 1994 og 1996. I tre av dei spelte han på 2. bord, i 1994 på 3. bord. I desse 4 turneringane spelte han til saman 47 parti, og skåra 25 poeng etter 13 sigrar, 24 remisar og 10 tap, 53,2 %.[3]

Tisdall var opphavleg amerikansk statsborgar med irsk far og japansk mor. Han tok først irsk statsborgarskap, og seinare norsk. Jonathan Tisdall er medlem i Asker sjakklubb.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Brekke s. 95
  2. Brekke s. 95
  3. Olimpbase