Internasjonal meister i sjakk
Internasjonal meister (IM) i sjakk er ein av titlane Verdssjakkforbundet (FIDE) deler ut til svært sterke sjakkspelarar. Tittelen er livsvarig. Internasjonal meister rangerer lågare enn tittelen sjakkstormeister.
For å få tittelen krevst det normalt sett at spelaren har oppnådd sterke resultat i 2 eller 3 internasjonale sjakkturneringar, med til saman minst 27 sjakkparti. Sjakkturneringane må vanlegvis vere på minst 9 rundar. For internasjonale meistrar krevst det ein ratingprestasjon i den enkelte turneringa på minst 2450. Dei må dessutan på eit eller anna tidspunkt ha hatt ein eigen FIDE-rating på minst 2400. (Elo-rating.)
Dei viktigaste andre krava, er at spelaren må ha spela mot minst 2 stormeistrar eller 3 internasjonale meistrar i turneringa, at minst halvparten av motstandarane må ha ein offisiell FIDE-tittel, og at minst ein tredjedel av spelarane må vere frå eit anna land.
Det er pr 1. januar 2009 meir enn 2863 sjakkspelarar i verda med IM-tittel.[1]
Internasjonale meistrar i Noreg [endre]
Dei 2 første frå Noreg som vart utnemnde til tittelen internasjonal meister var:
- Olaf Barda, tidlegare Olaf M. Olsen (1909-1971), utnemnd i 1952[2]
- Svein Johannessen (1937-2007), utnemnd i 1961[3]
Den sjuande norske som fekk IM-tittelen var:
- Arne Vinje, (tidlegare Arne Vinje Gulbrandsen) (1943-2011), utnemnd i 1981[4]
Noreg har 23 nolevande sjakkspelarar som har tittelen internasjonal meister.[5] Desse er, med året for tittelen i parantes:
- Arne Zwaig (1975)[6]
- Terje Wibe (1977)[7]
- Knut Jøran Helmers (1978)[8]
- Bjørn Tiller (1982)[9]
- Petter Haugli (1988)[10]
- Ivar Bern (1992)
- Roy Fyllingen (1995)
- Erik Fossan (1997)
- Eirik Gullaksen (1998)
- Frode Elsness (2001)
- Helge Nordahl
- Bjarte Leer-Salvesen
- Øystein Hole
- Magne Sagafos
- Espen Lie (2007)
- Torstein Bae (2007)
- Torbjørn Ringdal Hansen (2008)
- Atle Grønn (2008)
- Joachim Thomassen (2010) [11]
- Frode Urkedal (2011) [12]
- Nicolai Getz (2011) [13]
- Geir Sune Tallaksen Østmoe (2011) [14]
Bjarke Sahl (tidlegare Bjarke Kristensen), frå Danmark, har budd mange år i Noreg. Han melde i 2007 overgang frå Danmark til Noreg, og vart dermed av verdssjakkforbundet pr 1. oktober 2007 registrert som Noreg sin 20. dåverande IM.
I tillegg har alle dei 10 norske spelarane med tittelen Stormeister i sjakk vore internasjonal meister i kortare eller lengre tid, før dei klarte å kvalifisere seg til den gjævare tittelen stormeister.
Kjelder [endre]
- Verdssjakkforbundet FIDE sine reglar for sjakktitlar i nærsjakk
- Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
- Norsk Sjakkblad
Fotnotar [endre]
- ↑ FIDE si ratingliste
- ↑ Brekke s. 95
- ↑ Brekke s. 95
- ↑ Brekke s. 95
- ↑ FIDE si ratingliste med oversikt over norske IM, vitja 2.11.2010
- ↑ Brekke s. 95
- ↑ Brekke s. 95
- ↑ Brekke s. 95
- ↑ Brekke s. 95
- ↑ Brekke s. 95
- ↑ FIDE si liste over utnemningar på kongressen i Khanty-Mansiysk 23.9-4.10.2010, vitja 2.11.2010
- ↑ Tittelgodkjenningar på FIDE presidental board 5-6. juni 2011, vitja 10. juni 2011.
- ↑ Ratingkort hos FIDE for Nicolai Getz
- ↑ Tittelgodkjenningar på FIDE-kongressen i Krakow, oktober 2011