Josefine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gravstein for Josefine von Losch, mor til Marlene Dietrich.

Josefin, Josefina og Josefine er kvinnenamn danma av Josef som kjem frå hebraisk jōsēf (יוֹסֵף), 'Herren skal auka' og det feminiserande sisteleddet -ine. Josephine er ein annan vanleg skrivemåte for namnet. Josephin kan vera eit fransk mannsnamn. Josefa og Josefia er nærskylde kvinnenamn, medan Josetta, Josette, Josiane og Josina har liknande opphav. Jo, Jose, Josie og Jossa er moglege kortnamn.

Josefine har namnedag den 19. mars i Noreg, same dag som Josefina har svensk namnedag. Namnet blei teke inn i den svenske almanakken då kong Oskar I gifta seg med Josefina av Leuchtenberg.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Historisk utvikling av populariteten til namnet Josefine i Noreg.[1][2]
Josephine Welhaven (1812–1866), fødd Bidoulac, kona til Johan Sebastian Welhaven.

Josefine var utbreidd som namn på norske jentebarn i siste halvdelen av 1800-talet. I 2009 var det 1 144 norske kvinner som heitte Josefine. 265 heitte Josephine, 52 Josefin og 29 Josefina.

I USA var namnet Josephine særleg populært på 1910-talet, då det blei gjeve til rundt 0,7 % av jentebarn.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Navnestatistikk. Statistisk sentralbyrå. Statistikk for navn i Norge
  2. Digitalarkivet. Arkivverket. Folketellinger i Norge