Marlene Dietrich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marlene Dietrich i Stage Freight
Marlene Dietrich i A Foreign Affair

Marlene Dietrich, eigentleg Maria Magdalene Dietrich, (27. desember 19016. mai 1992) var ei tysk-amerikansk skodespelarinne og songarinne.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Marlene Dietrich vart fødd i Berlin-Schöneberg som andre dotter av politiløytnanten Louis Erich Otto Dietrich og Josefine Wilhelmine Elisabeth. Etter at faren døydde i 1907, gift mora seg i 1914 med løytnanten Edouard von Losch som seinare fall i første verdskrigen.

Under oppveksten fekk Dietrich musikkundervisning. Ho byrja å studere fiolin ved musikkhøgskolen i Weimar i 1918, men avbraut studiet etter eit år på grunn av ein skade. I 1921 vart ho elev ved Max Reinhardts berømte teaterskole i Berlin i 1921 og debuterte på filmåret etter. Ho vart gift med Rudolf Sieber i 1924 og fekk ei dotter Maria, seinare Maria Riva.

Marlene Dietrich vart i 1930 verdskjent som Lola-Lola i Josef von Sternbergs film Den blå engel der ho speler mot Emil Jannings. Ho drog seinare til Hollywood der ho spelte inn ei rekkje filmar. Med tida braut ho med heimlandet sitt på grunn av maktovertakinga til nazistane og vart amerikansk statsborgar. Ho opptrådte for amerikanske styrkar i Europa under andre verdskrig.

Då filmkarrièren dalte vart ho ei feira nattklubb- og kabaretsongarinne. Ho opptrådte igjen i Tyskland i 1960, men fekk ei kjølig mottaking på grunn av valet sitt av side under andre verdskrigen. Ho uttalte deretter til pressa at ho aldri ville sjå fødelandet sitt igjen, og at tyskarane og ho ikkje lenger snakka det same språket. Dei siste årene av livet sitt levde ho tilbaketrekt i Paris, der ho døydde i 1992.

Etter eiga ønske vart Marlene Dietrich gravlagt ved familiegravstaden i Berlin-Schöneberg. Hennar leivningar vart selte til Stiftung Deutsche Kinemathek i 1994 og finst i det tyske filmmuseet på Potsdamer Platz i Berlin. Ho har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame og i 1972 vart ho tildelt Presidentens fridomsmedalje av president Richard M. Nixon.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Sjølvbiografiar[endre | endre wikiteksten]

  • Ich bin, Gott sei Dank, Berlinerin. - Berlin : Ullstein, 1998, Ullstein-TB: ISBN 3-548-24537-4
  • Nehmt nur mein Leben ... : Reflexionen. - Berlin : Henschel, 1984

Biografiar[endre | endre wikiteksten]

  • Bach, Steven: Marlene Dietrich. - New York : Da Capo Pr., 2000
  • Riva, Maria: Meine Mutter Marlene. - Rheda-Wiedenbrück : RM-Buchvertr., 2000

Kjelde[endre | endre wikiteksten]